NRK Meny
Normal

Byggjer Norges største vaskeri

Vaskeribedrifta Nor Tekstil utvidar kraftig og byggjer no det største vaskeriet i Norge. Årsaka er mange nye kontraktar.

Leif Gunnar Belsvik/Nor Tekstil

BLIR NORGE STØRSTE: Konserndirektør Leif Gunnar Belsvik gler seg til å opne 6000 nye kvadratmeter ved vaskeriet i Drammen.

Foto: Nor Tekstil

Nor Tekstil har i dag eit vaskeri på 4000 kvadratmeter i Drammen. Når utvidinga er ferdig neste haust, har dei 10 000 kvadratmeter å boltre seg på.

– Dette blir landet største vaskeri. Det blir moderne og høgteknologisk. Eg vil seie det blir landets beste anlegg, seier konsernsjef Leif Gunnar Belsvik til NRK.no.

Florø-bedrifta brukar 140 millionar kroner på maskinar, utstyr og bygg. Nye kundar på det sentrale Austlandet er ei viktig årsak til dette store løftet.

– Vaskeriet vi har i Drammen i dag, har sprengt kapasitet. Vi har mellom anna fått ein stor kontrakt med ein hotellkjede, så no utvidar vi for å ta unna den veksten vi har.

Utvidar staben

Vaskeriet i Drammen har i dag 160–170 tilsette. Etter utvidingar blir det om lag 30 fleire.

– Vi aukar ikkje staben så mykje, for ein del arbeidsoperasjonar blir automatiserte med det nye anlegget.

– Kva gjer at de kan ta eit slikt løft no?

– Vi har hatt eit ønskje å utvide verksemda vår. Dei siste åra har vi fått mange nye kundar. Vi har lykkast i marknaden og no eit grunnlaget for å byggje eit større vaskeri i Drammen.

Er i ein tøff marknad

Belsvik trur ei viktig årsak til mange nye kundar er at dei følgjer med på den teknologiske utviklinga.

– Kundane set pris på at vi moderniserer oss. Det er ein tøff marknad med stor konkurranse. Vi må vere gode på energibruk, miljø og logistikk-kostnader.

Nor Tekstil har dei tre åra bygd nye anlegg både i Bergen, Bodø og Kristiansand.

– Den store utvidinga i Drammen blir den fjerde i rekka og vi gler oss til det står ferdig, seier han.

Held fram i Florø

Nor Tekstil har i dag 20 vaskeri i Norge. Bedrifta vaskar for hotell, sjukehus, industri- og servicebedrifter. Til saman jobbar 800 personar i verksemda og dei har ein omsetnad på over 800 millionar kroner.

Hovudkontor ligg i Florø og det har dei tenkt å halde fram med.

– Vår verksemd spinnar ut frå Vestland med eigarar i Bergen og Florø. Vi har ei stabil konsernleiing og har gode folk med oss. Det er ingen ulempe å halde til i Florø, tvert imot.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.