Byggjer leilegheiter for psykisk sjuke studentar

Stor pågang av studentar som slit psykisk gjer at Høgskulen i Sogn og Fjordane byggjer eigne leilegheiter tilpassa psykisk sjuke.

Randi Marie Sjøholt

Randi Marie Sjøholt er administrerande direktør for Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ei landsomfattande undersøking frå i fjor viser at kvar femte student melder om alvorlege psykiske plager. Administrerande direktør ved Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt, seier behovet for tilrettelegging for psykisk sjuke har auka.

– Det kan vere studentar med angst som har problem med å vere for nære andre studentar, og vi har hatt studentar som har hatt problem med å ete saman med andre studentar. Vi har sett at det i aukande grad er eit behov for tilpassa hyblar og leilegheiter, seier Sjøholt.

Seks toppleilegheiter

Så når 150 nye studentbustader står ferdige neste haust, er seks av toppleilegheitene med utsyn over Sogndal, tilpassa studentar som slit med psyken. Som fjorårets landsomfattande undersøking av studenthelse peika på, melder no kvar femte student om alvorlege psykiske symptomplager. Ein auke på fire prosent dei siste fire åra.

– Vi opplever at det er ei jamn tilstrøyming med studentar som treng tenestene våre seier, rådgjevar ved studentsamskipnaden, Elisabeth Nesse Heggestad.

Til ho kjem studentar med alle moglege problem.

– Dei får eit lite sjokk når dei byrjar på høgskule der det blir stilt større krav. Då kan dei trenge litt hjelp med å strukturere kvardagen. Få nok søvn og passe på at dei et nok og slike ting. Vi får og studentar som har symptom på, eller har psykiske lidingar. Det kan vere i form av angst, depresjonar og rus, seier Nesse Heggestad.

Første i landet

Og no legg høgskulen, truleg som den første i landet, betre til rette for å hjelpe på busituasjonen til studentar som slit. Dei seks tilpassa leilegheitene er litt mindre enn vanleg, forklarar Sjøholt.

– Dei er like dei andre leilegheitene vi har, men dei er litt mindre og tilpassa ein student, seier Sjøholt.

For ikkje alle studentar finn seg til rette i eit kollektiv, eller dei tradisjonelle studentbustadane.

– Dei studentane som vi har erfaring med har søkt ein plass der dei kan få vere litt for seg sjølve, men samstundes ynskjer å vere blant andre studentar. Men når dei skal sove eller ete ynskjer dei å kunne vere for seg sjølve.

Fleire tek høgare utdanning

Samstundes som talet på studentar som slit psykisk har auka, er det også stadig fleire unge som vel å satse på høgare utdanning. Sjøholt trur dei to utviklingstrendane heng saman.

– Det er ei utvikling vi har sett dei seinare åra, og det kan nok ha ein samanheng med at fleire unge menneske søker høgare utdanning. Og då er dei i den gruppa som no vågar å ta det steget å ta høgare utdanning.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.