Hopp til innhold

Byggjer historisk bru på Kongevegen

Handsmidde spiker og boltar, tjærebreidd trevirke og ein veginstruks frå 1794 må til for å få på plass den autentiske brua på Kongevegen i Lærdal.

– No set vi opp ei bru i Galdane, langs Kongevegen over Filefjell, seier prosjektleiar Jan Adriansen.

Den ni meter lange trebrua er ein del av den store opprustinga som er gjort på Kongevegen over Filefjell dei siste to åra. Brua skal erstatte den slitne brua som står der i dag.

– Det er ein flott foss der som heiter Soknefossen, og der prøver vi å restaurere brua som ein gong stod der.

Den gamle kongevegen mellom Vestlandet og Austlandet skal no rustast kraftig opp. Om nokre år er håpet at den skal vere i same stand som den var for over 200 år sidan.

Etter mal frå 1700-talet

Brua skal byggast etter mal frå den opphavlege brua og bygd etter Generalvegmester Hammer sin «Vejinstrux» frå 1794.

Teikningar av brua

HISTORISK MAL: brua skal byggast etter Generalvegmester Hammer sin «Vejinstrux» frå 1794.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– I instruksen har Hammer beskrive ganske nøye korleis bruene skulle byggast, og vi har fått ekspertar i vegvesenet til å lage bruteikningar ut frå den. seier Adriansen.

Dei har og fått handsmidd spikar til brua, brukar never i staden for knotteplast, og brua skal tjærebreiast.

– Vi gjer dette både for at det skal vere ei flott oppleving for dei som går tur, men og for det skal kunne vere eit historisk referansepunkt for framtida.

Arbeidet i gang

Måndag vart delane flydde inn med helikopter og monteringa kunne starte. Etter planen skal arbeidet vere unnagjort før helga og brua vil etter kvart få både namn, årstal og kongevegsymbolet rissa inn i dei fire endestolpane.

I tillegg har slottet godkjent at Kong Harald sitt monogram skal få pryde brua og brua vil få sitt eige nummer i det Norske bruregisteret.

– Dersom det ikkje dukkar opp for store utfordringar under vegs håpar vi å vere ferdige på torsdag.

– Korleis blir det å sjå brua stå ferdig?

– Eg er ganske sikker på at dette er noko som kjem til pryde postkort framover. Det blir ei fantastisk flott bru, men ein flott foss bakom, seier Adriansen.

Historisk bru på Kongevegen