– Vi har fått ulike signal på om Høgskulen kunne gå inn med midlar eller ikkje. Så før møtet var vi veldig spente, seier Randi Marie Sjøholt som er direktør for Studentsamskipnaden i Sogndal.
Bygginga av 150 studentbustader og 180 parkeringsplassar i Sogndal stod i fare for å bli skrinlagt på grunn av pengemangel. Men i går bestemte Høgskulen i Sogn og Fjordane å spytte inn 6,5 millionar kroner i prosjektet, som dermed blir berga.
Nødvendig utbygging
Heile utbygginga vil koste 127 millionar kroner. Til slutt stod det på 6,5 millionar kroner som kunne ha velta heile prosjektet. Nei frå høgskulestyret i går ville bety skrinlegging av planane. Utsetting var uaktuelt, bygginga må nemleg starte neste år, viss ikkje ville Studentsamskipnaden ha mista ein god del av den statlege støtta, seier Sjøholt.
– 30 av dei hybeleiningane vi har fått tildelt midlar på går ut neste år. Så dersom det hadde blitt nei, hadde vi mista pengane og måtte ha byrja på nytt att.
Høgskulen har ikkje høve til å støtte bygging av hyblar, så formelt går dei 6,5 millionane til parkeringsanlegget. Hos enkelte i styret sat det langt inne. Å bruke 6,5 million på parkeringsplassar, når dei kunne ha blitt brukt på forsking og utvikling i staden.
Attraktiv studiestad og arbeidsplass
Rektor Åse Løkeland seier heile prosjektet sin betydning for Campus vart avgjerande.
– Å få 150 studentbustadar nesten vegg i vegg med Høgskulen og 180 parkeringsplassar under tak, er eit kjempegode for utviklinga av Campus og som gir endå betre vilkår for å vere student og tilsett her, seier ho.
Også studentane jublar for at prosjektet no er i boks. Ingrid Moe Albrigtsen er studentane sin representant i Høgskulestyret. Når studenthyblane står klare hausten 2016 vil det vere eit stort løft for studiestaden Sogndal, seier ho.
– Det er absolutt eit viktig prosjekt. Eg gler meg verkeleg til at det kjem i gang, seier Moe Albrigtsen.