NRK Meny
Normal

Byggjer fjøs til 300 sauer med rentefritt lån frå kommunen

Ei heilt spesiell låneordning har ført til at fleire unge bønder torer å satse i Luster.

Kjetil Ruud, Bonde

BYGGJER STORT: Heile 300 sau skal få plass i den nye fjøsen i Jostedalen. Kjetil Ruud og sonen Sverre (9 månader) studerer byggjearbeidet som er i gong på gardstunet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Låneordninga har vore til stor hjelp og gjort det mogleg for oss å byggje stort, seier den 27 år gamle bonden Kjetil Ruud.

Småbarnsfaren er klar til å ta fatt på bondeyrket på heiltid. Det til trass for at det i løpet av det siste året har det blitt 1000 færre gardsbruk i landet. Men i Luster tilbyr kommunen rentefrie lån til større landbruksinvesteringar i håp om at fleire bønder vel å satse.

Dekkjer 20 prosent av kostnadane

– Det er no det eg alltid har hatt lyst til, så når moglegheita var der for å få støtte til bygget, så bestemte vi oss for å satse på det, seier han.

Ruud studerer byggjeteikningane av det nye fjøset som er i ferd med å reise seg på gardstunet hans på Alsmo i Jostedalen. Han er ein av fleire optimistiske unge bønder i Luster.

Sidan 2008 har bønder i Luster kunne nytte seg av låneordninga. Til no har 37 bruk i kommunen gjort nettopp dette. Lånet kjem frå kommunen sitt næringsfond og dekkjer kring 20 prosent av kostnadane.

Olav Grov, næringssjef Luster

GUNSTIGE LÅN: Næringssjef i Luster, Olav Grov, fortel at landbruket er ei svært viktig næring i kommunen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dette er ein næring som krev løpande investeringar for å kunne halde tritt med utviklinga. Låneordninga vår har ført til at det har kome inn mange unge bønder i næringa, og det er svært gledeleg, seier næringssjef i kommunen, Olav Grov.

Han trur ikkje det er mange andre kommunar som har ei slik låneordning som dei har.

– Lånet er rentefritt i heile løpeperioden. Det vil seie at ein betalar ikkje renter på det lånet, noko som er ei svært god finansiering som kjem i tillegg til Innovasjon Norge si støtte, fortel Grov.

Til nyttår står den nye driftsbygningen på Alsmo klar. I løpet av tre år ser Ruud føre seg å ha 300 sauer på plass i den moderne fjøsen.

Fleire bør gjere som Luster

Anders Felde

SJÅ TIL LUSTER: Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, meiner fleire kommunar bør få til ei ordning lik den Luster har.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner fleire kommunar burde gjere som Luster.

– Landbruket er meir kapitalkrevjande enn det var før, så den moglegheita Luster gir bøndene er noko vi ser veldig positivt på. Eg trur det også vil føre til ei positiv utvikling for bøndene i Luster, seier bondelagsleiaren.

Å satse og leve som bonde i dag krev store investeringar. Den nye fjøsen til Ruud i Jostedalen kostar 4 millionar kroner. Utan låneordninga frå kommunen og støtteordninga frå Innovasjon Norge er det ikkje sikkert 27-åringen og familien på tre hadde satsa like stort.

– Vi hadde nok ikkje bygd eit så kostbart bygg. Det gjer at vi kan drive med litt fleire sauer, seier Ruud.

Kjetil Ruud

VENTAR PÅ FJØS: Når den nye driftsbygningen bak Kjetil Ruud står ferdig har han plass til over 300 sauer.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK