Hopp til innhold

I denne fjellkløfta skal dei byggje ei 110 meter lang hengebru

Mellom toppane høgt over Hotel Alexandra i Loen skal det no byggjast ei 110 meter lang spektakulær hengebru!

Loen

SPEKTAKULÆRT: Hengebrua skal gå mellom toppane i fjellkløfta høgt over Hotel Alexandra i Loen.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

I fjor opna Via ferrata Loen, som gjer at turgåarar kan gå trygt ved å følgje stålwirar langs fjellsidene i nordfjordbygda.

– Spennande

No kjem den heilt spesielle hengebrua som eit byggjesteg to.

– Dette blir moro, og mykje spenning. Ei 110 meter lang hengebru, det trur eg folk vil like. Det blir spennande å bygge dette, vi likar jo slikt her i Loen. Finne på nye ting og å få folk til å like seg her er viktig, fortel ein av initiativtakarane, Mads Yri.

Terje Brendefur

GLER SEG: Erik Brendefur ved Hotel Alexandra.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Fraktar med helikopter

Planen er at byggjearbeidet skal gjerast unna på ti dagar no i sommar, og det skal brukast helikopter for å frakte tungt materiale opp i fjellsida.

– Det er jo veldig kjekt å ha når vi skal ha opp alt vi treng. Ellers går det jo og mykje på ryggsekknivå også, der vi må slite oss oppover lia for å få til dette, fortel ein svært optimistisk Yri.

– Spektakulært

Erik Brendefur, som jobbar med sal på Hotel Alexandra, er overtydd om at vidareføringa av Via ferrata med denne brua er svært bra for Loen.

– Det byggjer på seg litt etterkvart og det er jo snakka om å supplere eit alt eksisterande tilbod. Vi håpar at den blir veldig godt teke imot, for dette blir veldig spektakulært og noko heilt nytt i landet, seier Brendefur.

Video Via Ferrata

Via Ferrata