Hopp til innhold

Bygging av Loftesnesbrua i Sogndal er utsett i eitt år til

– Det blir rett og slett for dyrt å bygge, seier Statens vegvesen. Brua kunne vore lyst ut på anbod i juni.

Loftesnesbrua i Sogndal

UTSETT: Bygging av ei heilt ny Loftesnesbru er utsett, igjen. Statens vegvesen må finne ei billigare løysing.

Foto: Bjørgulv Mykland

– Opphavleg var det stålbogebru som skulle byggast, men teknisk var ikkje det mogeleg, og løysinga vart lagt vekk i fjor. Løysing nummer to er nettverksbogebru som er klar no, men den er for dyr. Så den tredje løysinga no er betongflatebru viss den blir billeg nok, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

FOR DYRT: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde kunne ha lagt brua på anbod i juni. No er det usikkert kva som skjer.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bygging av ny Loftesnesbru i Sogndal er utsett i eitt år til. Det vart klart etter eit møte i dag med ordførar og rådmann i Sogndal kommune.

For dyrt

– Det det tar tid, og det er uheldig, seier Slinde.

Det er to år sidan dei første løyvingane til brua kom. Slinde seier Statens vegvesen var klare med anbodet for ei nettverksbogebru, men at det skulle vise seg å bli ei for dyr løysing.

– Eit nytt kostnadsoverslag viser at det ligg ein god del over løyvinga frå Stortinget. Vi har gått ein ny runde til Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet og fått tilbakemelding om at vi må gå over til betongflatebru. Det betyr at det går endå noko tid før vi har fått detaljert den så mykje at vi få den ut på anbod.

Eitt år forseinking

– Vi hadde håpa å lyse ut brua på anbod no, men vi manglar finansiering til det. Prosjekteringa av betongflatebru som ein erstatning for nettverksbogebru vil ta om lag eitt år. Det betyr utlysing av anbodet neste vår viss det er den typen bru vi skal velje, seier Slinde.

Men Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal, har ikkje gitt opp kampen om å få på plass nettverksbogebrua. Han set si lit til politikarane.

Jarle Aarvoll

HAR EIN JOBB Å GJERE: Ordførar Jarle Aarvoll har ikkje mist trua på at ei nettverksbogebru kan bli lyst ut på anbod i juni.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Saka skal til handsaming i Samferdsledepartementet, så politisk er det ikkje konkludert Så vi har ein jobb å gjere for å skaffe dei 45 millionane som manglar.

Estetikk og arkitektur

Aarvoll påpeikar at det heile tida har vore sagt at estetikk og arkitektur skal vektleggast.

– Ei nettverksbogebru stettar desse krava. Ei betongflatebru gjer ikkje det, seier Aarvoll.

At ei betongflatebru ikkje vil halde mål arkitektonisk og estetisk er ikkje Aarvoll i tvil om slik Vegdirektoratet og Statens vegvesen har vektlagt det.

– Regjeringa har vore tydeleg på at samferdselsprosjekt skal gå raskare, og dei har vore tydelege på å vise handlekraft i forhold til samferdsel. Brua er så godt som ferdig regulert, og prosjekteringa vil vere ferdig i mai, slik at det kan gå ut i marknaden i juni. Eit nytt prosjekt med ny uvisse vil forseinke ytterlegare, seier Aarvoll.