Strandsona frå Dingja - nedover langs Brandangersundet og øyene utanfor - er attraktive område for hyttefolk. Naturen med viker, holmar og skjer er midt i blinken for dei som ønskjer seg ei hytte i skjergarden. Og bakgrunnen for den nye kommunedelplanen er stort press for å få byggje hytter.
Det er særleg folk frå Bergens-området som ønskjer seg til kysten av Sogn og Fjordane.
Heilskap
Ordførar Trude Brosvik seier det er viktig for kommunen å tenkje heilskapeleg kring arealbruken.
- Vi har delt området inn etter ymse kriterier, og kome fram til eit ja-område, eit nei-område og eit tja-område, seier Brosvik.
Dei seinare åra har interessa for å bygge hytte i Gulen auka. Berre til september i fjor vart det bygd 20 nye hytter. Åra før har det blitt bygd rundt 12-13 hytter.
Trude Brosvik - foto Randi Indrebø NRK
Langsiktige konsekvensar
Gulen-ordføraren meiner det er viktig med ein god plan:
- Her sit vi og legg planar som har konsekvensar 100 år fram i tid. Så det er veldig god grunn for å følgje oppfordringa frå miljøvernministeren om å lage planar for kvar ein kan ha hytter og kvar ein vil ha friområde.
Hytte-planen i Gulen er no ute til høyring.