NRK Meny
Normal

Bygger fem el-ferjer for Fjord1

Havayrd får nok ei bestilling på nye ferjer til Fjord1. Det er gode tider ved verftet framover, ifølge salsdirektør.

El-ferje Havyard

EL-FERJER: Havyard har fått bestilling på fem nye el-ferjer til Fjord1. Skroget blir bygd i Tyrkia, og utrustinga skjer i Leirvik.

Foto: Havyard

– Vi må kunne seie at vi har lagt frå oss dei seine tidene, seier salsdirektør, Lars Conradi Andersen i Havyard ship technology i Leirvik.

I det siste har dei vunne fleire anbodsrundar og har kontraktar på ti ferjeleveringar innan 2018/19.

– No blir det bra med aktivitet ved verftet, det er det ingen tvil om, seier Andersen.

– Blir behov for fleire tilsette

Den nye kontrakten dei har landa med Fjord1 er ei levering på fem el-drive ferjer som skal til Sunnmøre. Ferjene blir 100 meter lange og skal kunne frakte 120 bilar på strekkane Hareid-Sulesund og Magerholm-Sykkylven. Skroget på båtane blir bygd i Tyrkia, og sjølve utrustinga skjer i Leirvik i Sogn og Fjordane.

Lars Conradi Andersen

GODE TIDER: Salssjef, Lars Conradi Andersen seier Havyard no har lagt bak seg dei tunge tidene.

Etter å ha levert ein brønnbåt for nokre veker sidan, seier Andersen at det er litt rolegare tider akkurat no. Men reknar stor aktivitet og mange arbeidsplassar i tida framover.

– No er vi oppunder 200 faste tilsette. Men det vil ta seg opp og bli behov for mykje folk i tida framover, seier han.

Omstilling

Det har vore nokre tøffe år og tronge økonomiske tider for bedrifta. I 2012 var alt av leveringane deira til offshore. No er det heilt vekke.

– Omstillinga har vore tøff. Men no har vi andre bein å stå på innanfor fiskeri, oppdrett og ikkje minst transport og ferjer, seier Andersen.

Sei satsar mykje på ferjer framover og er særs konkurransedyktige innan ferjeleveringar ifølge Andersen.

– Kontraktane vinn vi i tøff konkurranse og det er ingen automatikk i det, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.