Hopp til innhold

Byggebransjen omfamnar tre

IKJEFJORD (NRK): Stål og betong er ut, og tre er inn. No dukkar det opp både små og store trebygningar over heile landet.

Trefjøs i Ikjefjorden

TRE: Denne fjøsen i Ikjefjorden i Sogn er bygd i tre.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg merkar det med ein gong eg kjem inn i ein trefjøs. Det er lyst og fint, temperaturen er sval og det luktar faktisk ikkje så mykje fjøs, ler Jørgen Wiik i byggefirmaet xl3 bygg.

Han jobbar med å planlegge store fjøs bygd i tre, og han fortel at det har skjedd eit stort skifte dei siste åra.

– For 3–4 år sidan var ni av ti fjøs laga av stål og betong. Det siste året er det nesten slik at ni av ti er laga av tre. Det har skjedd eit veldig skifte, seier Wiik.

Og det er ikkje berre fjøsbygningar som no reiser seg i trebygg. Det same skiftet held på å skje i bustadblokker, forretningsbygg, skular, barnehagar og andre offentlege bygg. I Brummundal er verdas høgste trebygg, Mjøstårnet, nett ferdig.

Montering av Mjøstårnet

VERDAS HØGSTE: Mjøstårnet i Brummundal er no ferdig, her er eit bilete frå bygginga.

Foto: Byggmesteren

Tre er klimavenleg

Og det er ikkje tilfeldig at det skjer. Regjeringa har eit uttalt mål om at det skal bli bygd meir i tre, og gir mykje støtte til dei som vel å erstatte stål og betong med trevirke. Det kan nemleg gje mykje lågare klimagassutslepp.

– Tre er ein fornybar ressurs, og dersom det blir brukt riktig, kan det vere ein veldig klimavenleg måte å byggje på, seier forskar Lone Ross Gobakken ved Norsk institutt for naturforsking (Nibio).

For medan stålproduksjon ofte skjer under forureinande forhold til dømes i Kina, kan trevirke vere ein kortreist ressurs som til og med bind opp Co₂.

– Skogen bind jo opp co₂ frå atmosfæren, og når trevirket er i live held det fram med å halde på karbonet også når det er i bruk i bygningar, forklarer forskaren.

Jørgen Wiik i ein trefjøs i Ikjefjorden

LIKAR TRE: Jørgen Wiik meiner at tre er eit veldig godt alternativ når ein skal byggje fjøs.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Eksporterer skog og importerer tre

Likevel har trekonstruksjonar potensial til å bli endå meir klimavenleg, meiner forskaren. Trefjøsen som er omtalt i denne saka er laga av tre ifrå Austerrike, samstundes som det blir hogd rekordmykje skog i Noreg.

– Det er eit paradoks at vi ikkje foredlar meir av skogen her i landet, men vi har rett og slett ikkje nok treindustri til det, seier Torgrim Østgård.

Han jobbar i skogselskapet Vestskog, og som resten av skognæringa har opplever dei gode tider. Likevel tykkjer han det er synd at ikkje meir av skogen dei høgg kan bli brukt til dømes i alle dei nye trebygga som no dukkar opp.

– Vi må selje skogen der skogeigaren får mest pengar for han, og nett no er det til dømes i land som Tyskland, Austerrike og Litauen, seier Østgård.

Også forskaren ved Nibio meiner at det hadde vore ein fordel om fleire av dei nye trebygningane som dukkar opp hadde vore laga av norsk skog.

– I eit klimaperspektiv er det best med kortreiste materiale, og det aller beste er om vi også blir flinkare til å bruke om att det trevirket som har vore brukt i eldre bygningar, seier Gobakken.