Jølstraverksemda lagar og sel tekstilkunst, i hovudsak kyrkjetekstil. Verksemda har sju tilsette.
BU-prisen er på 25.000 kroner, og vart delt ut under opninga av fylkestinget i dag. Myklebust Kunst og Handverk går no vidare til ein landsfinale der det skal kårast ein nasjonal vinnar.
Fylkeskulturprisen delt ut
Samstundes fekk dansepedagogane Leyeune Avdal frå Årdal, Jorunn Reina frå Førde og Signe Lise Larsson Bergheim frå Gloppen tildelt årets fylkeskulturpris. Prisen er på 20.000 kroner til kvar av vinnarane.
Sjå "Fylkeskulturprisen for dans ".