Bygder rundt Førde veks raskare enn Oslo

SANDE (NRK): Linda Sunde er ein av mange førdianarar som har slått seg ned på bygda. Etter mange år med fråflytting, strøymer no folk til dei største tettstadane i indre Sunnfjord.

Linda2

FRAMFUS: Vêren til Linda Sunde på Sande hevdar sin rett når bonden delar ut herlege furugreinar

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi budde i Oslo, men det vart for travelt for oss. Her tek det fem minutt å gå til butikken og skulen, og vi har full barnehagedekning.

Det seier Linda Merete Karlsen Sunde. Ho kjem opphavleg frå Førde, men saman med mannen har ho kjøpt ein gard på Sande i Gaular og byrja med sauehald.

Linda på trappa

STASELEG: Den gamle lensmannsbustaden på Johannesbakke på Sande har vorte Linda sin nye heim

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sande er ein av fleire bygder rundt Førde som no opplever ei solid auke i folketalet. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at bygdene Bygstad, Sande, Vassenden og Naustdal dei siste tre åra har hatt ein svært positiv folkevekst. Bygdene Sande og Vassenden veks raskare enn Oslo.

Har slite med fråflytting

Dette er bygdesamfunn som lenge har vore truga av fråflytting, men no ser det altså plutseleg lyst ut.

Sunde og mannen hennar jobbar i Førde begge to, men vel heller å køyre 25 minutt kvar veg til jobb, enn å bu der.

– Det er kjekt å pendle. Ein kan høyre på radio og slappe av før jobb kvar dag, og dessutan brukte vi mykje meir tid på å kome oss på jobb då vi budde i Oslo, seier Sunde.

Linda

DET GODE LIV: Både sau og bonde er tilsynelatande nøgde med livet på bygda

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Nye hus kvar månad

Siv Helen Tuften er også tilflyttar til Sande. Ho har starta opp sin eigen kafe midt i sentrum, og ho merkar godt at folketalet i bygda er på veg oppover.

Mjølkerampen

MJØLKERAMPEN: Siv har forsøkt å skape ein møteplass for folk i bygda med kafeen sin

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– I bustadfeltet der eg bur trur eg det kjem opp eit nytt hus kvar månad. Det er heilt tydeleg at Sande er i sterk vekst, seier Tuften.

Ho trur folk kjem til bygdene fordi dei kan tilby noko heilt anna enn bylivet i Førde

– Desse småbygdene har ei heilt anna sjel enn det ein finn i Førde. Her er samhaldet mellom folk godt, men ein får også luft mellom kvarandre. Eg budde i Førde tidlegare, og der bur folk mykje tettare.

Siv på mjølkerampen

OPTIMISME: Siv merkar ein ny optimisme i bygda. Då ho kom til Sande var folketalet fallande, bensinstasjonen hadde nett stått i brann, og den eine butikken hadde lagt ned

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Forskar er overraska

Marit S. Haugen ved norsk senter for bygdeforsking er overraska over at bygdene i indre Sunnfjord no har fått ein oppsving. Ho seier at det ikkje er så vanleg at små bygdesamfunn opplever slik vekst i våre dagar.

– Mange tenkjer kanskje at det er trendy å flytte til eit lite småbruk på bygda, men den sterkaste trenden er å flytte ifrå bygdene og inn til byane. Det er altså ganske særeige om det stemmer at desse bygdene har ei slik auke

gravemaskiner

STOR AKTIVITET: Her på Steia over Sande vert det bygd mange nye hus med utsikt til Storehesten

Foto: Aleksander Åsnes / NRK