Hopp til innhold

Desse bygdene er på flyttefot

Nye kommunar fører til nye grenser. Tre bygder i fylket kan no vere på flyttefot.

Bygder på flyttefot i Sogn og Fjordane

Bryggja i Vågsøy

Bryggja ligg aust i Vågsøy kommune. Eit fleirtal av innbyggjarane vil gjerne flytte til nye Stad kommune, heller enn å bli ein del av nye Kinn kommune. Det løyser eit problem for Eid og Selje kommunar. Dei to grenser nemleg ikkje til kvarandre, utan Bryggja.

Fylkesmannen har samla inn all relevant informasjon, og skal sende si tilråding til kommunaldepartementet i midten av november.

Markane i Hornindal

Markane, eller Kjøs krins, i Hornindal er i samling av grender som har ulike ønskjer om kva kommune dei vil tilhøyre. Hornindal skal slå seg saman med Volda. Medan nabokommune Stryn skal stå åleine.

Fylkesmannen skal gje si tilråding til kommunaldepartementet før jul.

Nessane i Balestrand

Nessane ligg heilt vest i Balestrand. Berre knapt 20 kilometer og ei kort tunnelstrekning skiljer dei frå Høyanger. Når Balestrand no blir del av nye Sogndal kommune, saman med Sogndal og Leikanger, har bygdefolk teke til orde for å flytte til Høyanger.

Fylkesmannen fekk beskjed i oktober av kommunaldepartementet om å starte utgreiing. Dei skal no finne eksterne konsulentar som skal gjere jobben.

Den vil tidlegast vere ferdig på nyåret.

Fakta og kjensler

Juridisk sjef Anne Kristin Eitungjerde seier dei prøver å sjå kvar sak frå fleire sider. Og det kan vere vanskeleg.

– Vi har ikkje gjort dette så mange gonger tidlegare. Det er mange interesser, og det er ein del kjensler i spel. Men vi prøver å byggje på fakta, innspel og innbyggjarundersøkingar.

– Kor tid vil kommunaldepartementet bestemme seg?

– Vi veit ikkje. Men dei er interesserte i raske avgjerder i desse sakene. Så eg trur ikkje vi må vente så veldig lenge ut i det komande året.