Tre stemmer kjem truleg til å fella Ernst Veum i kveld. Arbeidarpartilaga i Gaupne og Jostedalen har kjøtvekta på si side i det utsette nominasjonsmøtet, og det betyr at Veum misser topplassen på lista til Inger Marie Evjestad.
Feil adresse
Forklaringa på tronskiftet er enkel. Veum har adresse Hafslo, medan Evjestad har adresse i Jostedalen – og det er striden mellom bygdene som rår i fylket sin største arbeidarpartikommune.
Lokaliseringsstrider
Veum har vore ordførar sidan 1989, og heile denne perioden har ein serie lokaliseringsstridar splitta dei mange bygdene i Luster. Medan partilaga i Jostedalen og Gaupne har ivra for større satsing sentralt i kommunen, har hafslobygdingen Veum vore utkantane sin mann. Fjordstova på Skjolden, samfunnshuset på Hafslo og opprustinga av omsorgssenteret i Luster har alle vorte klubba gjennom av Veum på kostnad av Gaupne. Og med den siste vart det nok for gaupningar og jostedøler.
Reint fleirtal
Spørsmålet er kva dette vil gjere med oppslutninga til Arbeidarpartiet. I dei to siste periodane har dei hatt reint fleirtal i Luster, og valet i 1991 viste for alvor Veum sin appell til veljarane. Han og Trygve Harry Veum blei sett opp på delt førsteplass. Ernst Veum vann ein knusande siger i ein kommune der partiboka betyr svært lite i forhold til kvar du har postkassen din.
Fleire vil trekkje seg
I følgje Sogn Avis trugar fleire listekandidatar frå dei indre og ytre delane av kommunen med å trekkja seg på grunn av Jostedalen og Gaupne sitt felttog mot Veum. Og det er uvisst kva det får å seie på møtet i kveld. Det einaste som kan løysa floken er at enten Veum eller Evjestad trekk seg før møtet – men det kjem neppe til å skje.