- Vi er mildt sagt forbanna! rasar Gunnar Bøthun. Far hans bur på bygdeheimen, og Bøthun meiner at bebuarane no får ei uverdig behandling.
Kjenner seg ikkje trygge
Bygdeheimen i Fresvik har fungert som ein vanleg aldersheim med godt fellesskap, mat frå eige kjøkken og bemanning heile døgnet. No har politikarane bestemt at heimen skal bli omsorgsbustad. Maten skal lagast på eige rom, og varmmaten vil bli frakta 3,5 mil frå Vik.
- Vi mistar den tryggleiken vi har hatt før, slik som det no vert lagt opp, seier leiar for bygdeheimen, Marta Stokkenes. - Vi meiner det må vere bemanning på heimen heile døgnet. Folk nærmar seg jo 100 år.
Dugnadsånd
Bygdeheimen vart bygd i 1986 av lokale krefter. I 1994 brann han ned og vart bygd opp att på dugnad. Folk eig på den måten ein bit av heimen og føler at politikarane no raserer tilbodet. Dei tykkjer òg at informasjonen frå politikarane har vore for dårleg.
Folkemøte i kveld
Difor vil dei 250 innbyggjarane møte politikarane til eit folkemøte onsdag kveld. Håpet er å få dei til å gjere om vedtaket. For dei 9-10 eldre betyr dette alt.
- Bebuarane tykkjer det er fælt å bli behandla slik og er frykteleg skuffa, seier Gunnar Bøthun. - Ein mann sa til meg at han før vil døy, før han flyttar til Vik.