NRK Meny
Normal

«Eg tenkte mest på fangen. Det var jo kaldt.»

VANGSNES (NRK): Bygdefolket på Vangsnes var urolege for korleis ein tynnkledde fange på rømmen skulle klara seg gjennom ei natt i minusgrader og sur vind.

Per Otto Vangsnes

KALD NATT: – Politiet bør sjølvsagt finna rømlingen, ikkje berre for samfunnet sin del, men òg for hans eigen del, seier Per Otto Vangsnes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg var ikkje bekymra for oss, seier Per Otto Vangsnes.

42-åringen kikar opp frå motoren på minigravemaskina som han held på å reparera ute på tunet på Vangsnes. I den skarpe vintersola er det lite som minner om politijakta etter den rømde fangen som gjekk føre seg i møkret like ved kvelden og natta i førevegen.

– Då eg hadde lagt ungane i går, gjekk eg ut med lommelykta for å sjå til huset til foreldra mine. Men eg såg ingen knuste vindauge, så då eg hadde sjekka at bilane var låste, gjekk eg heim, låste ytterdøra skikkeleg og la meg, seier Vangsnes.

Rømte frå jakka si

Hund er på plass på Vangsnes

FANGEJAKT: Politiet sette inn hund i leitinga etter den rømte fangen på Vangsnes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • Det var litt før klokka 19 måndag kveld at ein fange rømte frå politiet på Vangsnes ferjekai då han skulle overleverast frå ein politipatrulje til ein annan.
  • Seinare på kvelden kom rømlingen seg truleg forbi politisperringane, gjekk vidare til Vik, der han i løpet av natta stal ein privatbil og flykta over Vikafjellet.
  • Les meir her: Rømt fange kom seg forbi politisperringa – har flykta over Vikafjellet

Då fangen rømde, sprang han òg frå ytterkleda sine, som låg att i politibilen. Det var difor ein tynnkledd 20-åring som gjekk ute i februarnatta i minusgrader og sur austavind.

Per Otto Vangsnes var ikkje så bekymra for sin eigen del:

– Eg tenkte eigentleg litt på fangen. Det var jo kaldt, og det er ikkje så greitt å overleva ei natt i minusgrader utan ytterklede, og utan å ha nokon plass å gå inn, seier Vangsnes, som til dagleg arbeider i oljeindustrien.

Sov godt

Like ved ferjekaien på Vangsnes ligg nærbutikken som Kirsten Vangsnes har drive saman med mannen sin i snart førti år.

Kirsten Vangsnes

TRYGG: – Eg har ikkje sove så godt på lenge, sidan eg visste at det stod politibil utanfor, ler Kirsten Vangsnes, som driv nærbutikken like ved Vangsnes ferjekai.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Mannen min såg plutseleg to politibilar i innkøyrsla vår og politifolk som leitte med lykter i grøfta, så me lurte jo på kva det var, seier Vangsnes.

– Eg tok ein ekstra sjekk med gangdørene, og det var det. Eg blei ikkje redd, ikkje i det heile teke, seier Vangsnes.

Urolege

Politiet seier at fangen ikkje er farleg, men har samstundes vore tydelege på at viss einkvan skulle støyta på han, bør dei ikkje snakka med mannen, men ringja politiet.

Sjølv om bygdefolket har tenkt på korleis det skulle gå med den tynnkledde rømlingen i vinternatta, har òg fleire innbyggjarar NRK har snakka med, vore urolege for at ein fange gjekk laus i nabolaget.

Gunn Randi Bjørnevoll frå Vangsnes sa det slik til NRK tysdag morgon:

– Det er ikkje noko kjekt, men eg håpar politiet finn han, for det må ha vore kaldt å vera ute i natt.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå