Ingvar Halsnes Arkvifoto NRK
Det var på forsommaren i fjor at Ingvar Halsnes merka at noko var gale. Han hadde lenge slite med tørrhoste han ikkje vart kvitt og tok turen innom legen. Der fekk 47-åringen svært dårleg nytt.
Cellegift hjelpte ikkje
Behandlingstiltak vart sjølvsagt sette i verk med ein gong, men cellegiftkuren han fekk i ni veker gav ikkje godt nok resultat.
Spesiell type tablettar
Dei måtte difor sjå seg om etter andre alternativ. Og redninga vart ein heilt spesiell type tablettar. Halsnes, som driv både med frukt og sau var i utgangspunktet i god fysisk form, og han røykte ikkje. Det var og litt av grunnen til at han kunne ta i bruk dette medikamentet.
23.000 i månaden
Men ein månads bruk av desse tablettane kosta han 23.000 kroner, pengar trygdeetaten ikkje ville betale, sidan medisinen enno berre er på utprøving i Norge og berre hjelper for heilt spesielle pasientar. Og med ein livstrugande sjukdom og svimlande utgifter for å betale for behandling såg det heile mørkt ut for familiefaren. Då var det at sambygdingane kom han til hjelp.
Trygdeetaten betaler no
Og medan bygdefolket i Leikanger var villige til å betale tusenvis av kroner for å hjelpe Halsnes, førte brevskriving og telefonsamtalar fram. Han vann kampen mot trygdeeteten. Medisinen hadde gitt så gode resultat at Staten sa seg villig til å betale medisinen hans.
Kan hjelpe andre
Og no håpar Halnes at alt arbeidet han la ned i å få dekka utgifter til livsviktig medisinsk behandling også vil hjelpe andre i same situasjonen.
På Puls i kveld
I programmet Puls på NRK1 i kveld klokka 19.30 får du sjå korleis bygdefolket i Leikanger stilte opp for Ingvar Halsnes og familien hans.