Bygde OL-studio på ferja

Kva gjer du når du OL-interessa er stor, men du må vere på jobb? Jau, då byggjer du ditt eige OL-studio og inviterer kundane inn. Det vart løysinga for både mannskap og reisande på M/F «Stavanger»

OL-studio på M/F "Stavanger".

OL-STUDIO: Mannskapet på M/F «Stavanger» brukar ledige stunder framfor TV-skjermen for å få seg det som skjer i Sør-Korea.

Foto: Privat

OL-feberen herjar Norge i takt med medaljefangsten. På mange arbeidsplassar går maskina litt for halv fart når det nærmar seg ein innspurt.

Dei tre ferjene som trafikkerer Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal på E39 held rutetidene, men er elles neppe noko unnatak. Spesielt ikkje om bord i den eine ferja, M/F «Stavanger». Her har mannskapet rigga til sitt eige OL-studio med fjernsyn, norske flagg og rekvisittar frå OL på Lillehammer.

– Vi må ha det litt moro på jobb

«Studioet» kom i stand etter initiativ frå Monica Sunde Tjønnås. Ho jobbar i kiosken og er kjend for å vere ei livleg dame med mange artige påfunn på samvitet.

Monica Sunde Tjønnås på jobb ombord på MF Stavanger

LIKAR STUNT: Monica Sunde Tjønnås lokkar med seg kundane til fjernsynet når det nærmar seg innspurt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har jo lyst til å sjå litt OL vi og. Og så må vi ha det litt moro på jobb og, seier Sunde Tjønnås då NRK ringjer ho laurdag føremiddag. I dag har ho fri og ferja ligg ved kai i Lavik.

Men i morgon har ho stor tru på stor stemning i salongen då det er fleire øvingar der det er medaljesjansar. Sunde Tjønnås lovar likevel open kiosk, men ein taktikk har ho likevel på lur.

– Kundane går alltid først. Men viss det er ein innspurt må vi få kundane engasjerte slik at vi kan sjå den i lag, humrar ho.

Eitt norsk flagg for kvart gull

Det vesle OL-studioet i eine kroken av salongen er ikkje berre populær tidtrøyte for mannskapet i ledige stunder. Mange passasjerar strøymer også til på den nær 20 minuttar lange turen.

– Det er veldig mange som vil sjå i lag med oss, fortel Sunde Tjønnås.

Ny ferjekai Lavik

OL-FERJA: Vil du ha OL-stemning over Sognefjorden må ta du denne ferja.

Og vanskeleg å finne den godt dekorerte kroken er det slett ikkje. For kvar gullmedalje Norge får, har Sunde Tjønnås og kollegaene hengt opp eit norsk flagg med namnet på vinnaren og ei lita historie som er knytt til, som då Maren Lundby vann Norge sitt 100. OL-gull.

Skiskyttar-sveler med hol

Sunde Tjønnås kjenner arbeidsplassar som har drege det lenger enn gjengen på M/F «Stavanger» og arrangert både skirenn og skøyteløp med fullt utstyr i korridorane. Slike planar har ho ikkje, i staden satsar dei heller på å supplere spenninga med litt kos.

– Det er stor stas. Og så har vi jo litt kos i kroken med riskrem ein dag og gulrøter ein annan dag. Vi prøver jo å vere litt sunne og. I går snakka vi om å lage skiskyttar-sveler med hol. Men det vart ikkje noko av då det ikkje var skiskyting på programmet, ler Sunde Tjønnås.