Hopp til innhold

Bygde kopi av passasjerbåten Sunnfjord

MS Sunnfjord var ein båt mange i Sogn og Fjordane kjende til. Paul Drageset i Davik i Bremanger har eit heilt spesielt forhold til båten.

KOPIEN: Paul Drageset brukte om lag 2000 timar på å byggje MS Sunnfjord.

– Det var den finaste båten Fylkesbaatane hadde på den tida den gjekk i rute. Eg reiste mykje med MS Sunnfjord, og eg hugsar mange detaljar, fortel han.

Dfior bestemte han seg for å lage ein kopi av båten og dermed gi den evig liv. Norge Rundt var på besøk i 2011 og fekk vere med på sjøsettinga. Før dette hadde Paul Drageset brukt mange timar på å byggje båten, så lik originalen som mogleg.

Sognefjord og Sunnfjord

TIDLEGARE UBÅTJAGARAR: Tvillingskipa ”Sognefjord” og Sunnfjord” gjekk mange år for Fylkesbaatane. På akterdekket hadde dei to skipa dreieskive for bilar slik at det blei enklare å stue bilar som blei køyrde inn gjennom ei port i rekka.

Foto: eigar Fjord1

Tidlegare ubåtjagar

MS Sunnfjord

PÅ LAND: MS Sunnfjord krasja i eit naust i 1967.

Etter 2. verdskrig blei to ombygde, amerikanske ubåtjagarar sett inn i rutebåttrafikken i Sogn og Fjordane. Dei to skipa blei døypte MS Sunnfjord og MS Sognefjord.

Då Paul var i 20-åra, brasa MS Sunnfjord på land nokre kilometer frå heimen hans i Davik.

– Eg såg båten som stod inn i naustet.

Detalj på modellbåten MS Sunnfjord

NÅL: Spaken på vinsjen er laga av ei knappenål.

Foto: NRK

Det gjekk ein del år før han bestemte seg for å lage kopien. Teikningane fekk han tak ifrå ein modellbåtbyggjeklubb i Bergen. Dermed kunne han byggje kopien mest mogleg lik originalen. Det var tidkrevjande, og mange detaljar skulle på plass. Han brukte litt frå ei klokke, og spaken på vinsjen var ei knappenål.

Eg brukte 2000 timar på å lage kopien, fortel han.

Denne båten er ikkje den einaste han har laga kopi av.

– Eg har bygd om lag 15 båtar. Dei fire siste er i same målestokk som MS Sunnfjord. Eg har fleire av dei utstilte heime. Nokre er fjernstyrte, og eg har hatt dei ute på fjorden.

– Kvifor akkurat denne hobbyen med å lage modellbåtar?

– Den som visste det. Men eg har vakse opp med båtar rundt meg. Bestefar dreiv dampekspedisjonen for Fylkesbaatane i Davik, før far overtok. Deretter dreiv eg den til utpå 90-talet.

– Mange er opptekne av båtar. Kvifor trur du dei er så populære?

– Eg trur det er fordi vi er så avhengige av dei. Det var den måten mange reiste på heilt til for ikkje så veldig lenge sidan.

MS Sunnfjord
Foto: Paul Drageset

Sank utanfor Jæren

Medan søsterskipet MS Sognefjord hamna i Malaysia, enda MS Sunnfjord på havets botn.

For MS Sunnfjord hadde ein del uhell og etter eit motorhavari blei den lagt i opplag på midten av 70-talet. Under eit slep til Oslo i 1983, tok båten inn vatn, kantra og sank utanfor Jæren.

– Eg trur båten ligg der enno, seier Paul.

Etter mange sjølvbygde båtar, har Paul no ein pause i modellbåtbygginga.

– Eg veit ikkje kor lenge den varer, for det klør i fingrane, ler han.

Har du lyst å sjå fleire av båtar og ferjer? Her finn du mange album

Paul Drageset

NOREG RUNDT: Her kan du sjå heile innslaget i Norge Rundt-sendinga 18. november 2011. Reporter var Birger Meland og foto/redigering var Heidi Lise Bakke ansvarleg for.

Meir gull frå arkivet:

Damene som samlar på julepapir

«Parabolikaren» som fekk inn heile verda

Fekk ikkje fly til Oslo om vinteren

Difor samlar hotelleigaren på skjelpadder

Laga sigarar av heimedyrka tobakk