Ifølge Dagens Næringsliv i dag brukar Landbruksdepartementet kvart år 18 millionar kroner på å marknadsføre Bygdeturisme. Under denne paraplyen finn vi ei rekkje aktørar over heile landet.
Liten nytteverdi
Rolf Akselsen, som har evaluert Landbruksdepartementet sin pengebruk, seier til DN i dag at nytteverdien av millionane som blir brukt på å marknadsføre mellom anna gardsmatbedrifter, små hyttesenter og turoperatørar, er ekstremt liten.
Han peikar på tre årsaker:
At dei som utarbeider reklamekampanjar og informasjon sit for langt borte frå dei lokale aktørane.
At det ikkje finst krav til kvalitet hos dei mange små føretaka.
Og at det kan synast som om løyvingane frå departementet i seg sjølv er viktigare enn effektane.
Samd i kritikken
Joar Dvergsdal driv med hytteutleige i Jølster. Arkiv NRK.
Under paraplyen bygdeturisme finn ein mange småaktørar i Sogn og Fjordane, som gardsmatbedrifter og turoperatørar.
Turistvert Joar Dvergsdal frå Jølster er einig i kritikken som rapporten kjem med.
- Vi blir ikkje tatt med på råd når kampanjane blir utforma, og styringsgruppa for dette har ikkje eit kunnskapsnivå som står i forhold til det næringa forventar.
Hadde næringa og næringa sin organisasjon "Norsk bygdeturisme og gardsmat" blitt tatt meir med på råd om korleis kampanjen skulle vore utforma, trur eg vi hadde fått langt større effekt. Det trur Joar Dvergsdal.