NRK Meny
Normal

Bygda støttar opp om kampen for huset: – Sit med ein klump i halsen

Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim er rørt av støtta dei har fått, etter at det vart kjent at huset er truga av utbyggingsplanar.

Rørt over støtta

MASSIV STØTTE: I går hadde Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim opp mot hundre personar innom dørene då dei inviterte til ope hus.

Foto: Rune Fossum / NRK

I går fortalde NRK.no om paret som fryktar livsverket skal bli jamna med jorda og gje plass til høgblokker i Sogndal sentrum

I går heldt dei dørene opne for bygdefolket og opptil hundre personar tok turen innom. I tillegg har dei på kort tid samla nesten tusen underskrifter.

– Den støtta vi har fått betyr utruleg mykje for oss og det bekreftar at det er eit veldig engasjement for trehusmiljøet i Sogndalsfjøra. Eg håpar at politikarane legg merke til det, seier Geir Arne Lomheim.

Ope hus trekte mange folk

OPE HUS: Mange hadde teke turen innom for å høyre om kva konsekvensar reguleringsplanane vil få for Sogndalsfjøra.

Foto: Jon Flugeim

– Umenneskeleg press

Det er eit stort behov for fleire bustadar i Sogndal, og kommunen legg opp til fortetting og høg utnyttingsgrad i sentrum. Ei viktig steg på vegen er realiseringa Veidekke sine utbyggingsplanar ved fjorden, der det no ligg ein fabrikk.

Veidekke vil kjøpe tomta for å gjere plass til bustadblokker, medan Lerum vil flytte all aktiviteten til Kaupanger. Planane har tidlegare hausta kritikk frå arkitektar.

Huset til Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim ligg rett i bakkant av fabrikken og neste torsdag skal kommunestyret ta stilling til ein omreguleringsplan som kan oppheva vernet av huset deira.

– Det har vore eit umenneskeleg press, når du veit det er krefter som jobbar for å ta frå deg heimen din. Det er ikkje noko kjekt å gå og tenke på, seier Lomheim.

Håpar på utsett vedtak

Han har eit lite håp om at vedtaket blir utsett.

– Det blir såpass store konsekvensar for Sogndalsfjøra, at her må dei tenkja seg grundig om, seier han.

Fortalte om arbeidet med å bevare huset

VISTE FRAM: Dei frammøtte fekk høyra om arbeidet paret har gjort for å bevare det verneverdige huset.

Foto: Jon Flugeim

Silje Flugheim, søstera til Kristina Flugheim, er ei av dei som har hjelpt til med å samle inn underskrifter. Ho har sjølv minner frå huset som oldeforeldra bygde. Ho meiner politikarane er nøydde til å ta omsyn til støtta dei har samla.

– Engasjementet er stort og politikarane må hugsa på at det er val i år. Det er berre i underkant av 6000 innbyggjarar i Sogndal over atten år, så kvar stemme tel ganske mykje, seier ho.

– Dette vil eg ikkje vere med på

Éi av dei som har skreve under på kampanjen er politikar Rita Navarsete (Frp).

– Me skal setja pris på at nokon vil byggja ut her i bygda, men ikkje på bekostning av verneverdige hus der det bur familiar. Det vil eg ikkje vera med på. Eg vil heller byggja i høgda, enn å ta huset til denne familien, seier ho.

Rita Navarsete

STØTTAR KAMPEN: Politikar Rita Navarsete er blant dei som har skreve under på underskriftskampanjen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

I dag måtte Geir Arne Lomheim ta seg ein lengre tur for å få klårna tankane. Midt i stormen har støtta dei har fått, også på sosiale medium, betydd enormt.

– Det er heilt rørande å sjå. Eg sit med ein klump i halsen kvar gong eg er inne på Facebook-sida vår. Det er ikkje ei veke sidan den vart oppretta og no er det over 1200 som følgjer oss, seier han.

Pål Magnus Aglen, regiondirektør i Veidekke, meiner at ekteparet ikkje har grunn til å frykte utbygginga.

– Det har aldri vore i Veidekke Eiendom sin interesse eller intensjon å forsøke å erverve deira eigedom, for så å innlemme denne i eit utbyggingsprosjekt, skriv Aglen i ein epost til NRK.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast