NRK Meny
Normal

Gruva splittar både kommunen og regjeringa

Dei omstridde gruveplanane i Vevring splittar ikkje berre kommunen og kommunepolitikarane. Heller ikkje regjeringspartia klarar å semje i spørsmålet om fjorddeponi.

Engebø i Vevring

SPLITTAR: Gruveplanane splittar innbyggjarane og politikarane i Naustdal. Bygda splittar regjeringspartia.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I dag kjem miljøvernminister Erik Solheim på synfaring i Naustdal. Det er han som skal seie ja eller nei fjorddeponiet som Nordic Mining planlegg.

Men medan Arbeidarpartiet er positive til meir gruvedrift, er SV krystallklare i sin motstand. Og då særleg mot fjorddeponi, seier fylkespolitikar Norvall Nøringset.

– Å sende masse som ikkje skal brukast i fjorden er uakseptabelt for oss. Både av ureiningsomsyn og forbruksmessig. Det er ikkje den måten vi skal bruke råstoff på, seier SV-politikaren.

– Uaktuelt for SV

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet ved Førdefjorden. Mineralet blir nytta som kvitningsstoff i til dømes tannkrem og måling, og gruva i Naustdal skal gje 170 direkte arbeidsplassar.

Bård Vegar Solhjell

KRITISK: Bård Vegar Solhjell.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er også spådd store ringverknader. Problemet er at selskapet i 40 år vil dumpe overskotsmassen i Førdefjorden. Noko som er uaktuelt for SV.

– SV er eit miljøparti. Dette handlar om ein flott og viktig fjord, som ein av dei rikaste vi har i dag. Vi i SV skal vere ein garantist for den fjorden, forsikra SV-topp Bård Vegar Solhjell då han Set sitt politiske liv på spel .

– God plass i fjorden

Arbeidarpartipolitikar og Næringsminister Trond Giske er meir positiv.

Nyleg opna han langt på veg døra også for fjorddeponi - dersom det syner seg å vere miljømessig forsvarleg.

– Norske fjordar og hav er veldig djupe. Vi snakkar kanskje mange hundre meter. Så det er veldig god plass nede i fjorden. Verda hungrar etter mineralressursar, sa han.

Distriktsnæring

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap), meiner at gruveindustrien har hatt lite fokus i Norge. Han håpar på ei rask avklaring.

– Det er ei distriktsnæring vi snakkar om. Gruveindustrien den ligg i distrikta, så dette er beste form for distriktsnæring, seier han.

Men – Kan øydeleggje ein heil fjord mot planane. Dei har også fått støtte frå faginstansar som Fiskeridirektoratet, som har varsla motsegn. Dermed er saka hamna på bordet til miljøvernministeren.

Nei til prøvestein

Når Solheim i dag vitjar Naustdal, vil han få klar beskjed frå partikollega Nøringset at fjorddeponi ikkje kan vere aktuelt.

Norvall Nøringset

KRITISK: Norvall Nøringset.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Han fryktar eit ja til gruveplanane i Sunnfjord, kan skape presedens for fleire liknande saker rundt omkring i landet.

– Dette er umogleg for SV-laga i Sogn og Fjordane å godta. Denne løysinga som Nordic Mining og Naustdal kommune har valt, er så lite miljøvennleg og øydeleggjande for miljøtanken. Ein ser på dette som ein prøvestein i høve til anna gruveverksemd i fjordsystema våre på Vestlandet, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå