Hopp til innhold

Butikkdød brer om seg: – Eigarar må ta ansvar

SVELGEN (NRK): – Det er vemodig å leggje ned etter så mange år, det har jo vore ein livsstil, seier butikkeigar Sverre Magne Dyrstad i Svelgen. Butikkdøden brer om seg.

Malia i Svelgen

BUTIKKDØD: Malia Svelgen er ein av to butikkar som er att i Svelgen i Bremanger.

Foto: Ina Christn Løvseth / NRK

Dyrstad har drive butikk sidan 1996 i den vesle bygda Svelgen i Bremanger. Han fortel at handelslekkasje med sterk konkurranse frå både andre butikkar og netthandel gjer det vanskeleg å drive butikk.

Sverre Magne Dyrstad, butikkeigar Malia Svelgen

HANDELSLEKKASJE: Sverre Magne Dyrstad seier det er vanskeleg å drive butikk i dag.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Tidlegare var det større behov for butikken enn kva det er i dag. Du ser det stadig vekk andre plassar òg, butikkar som vert nedlagt grunna konkurranse frå internett og andre butikkar som kan presse prisane ned.

I perioden 2008-2017 har det vore ein nedgang i talet på fysiske butikkar på 10,6 prosent, melder Virke (arbeidsorganisasjonen for handels- og tenestenæringa). I Sogn og Fjordane har butikkar blitt reduserte med mellom 16-18 prosent.

Fortvilande at butikken forsvinn

I butikken til Sverre Magne finn ein noko for einkvar. Alt frå elektrisk utstyr og byggvare, til kjøkkenreiskap, hageutstyr og anna «nips».

– Vi har det meste for dei fleste, seier han med eit smil om munnen.

Anne Lise Gilleshammer har sjølv vore fast kunde i mange år i butikken til Sverre Magne. Ho tykkjer det er fortvilande at også denne butikken forsvinn.

Anne Lise Gilleshammer

FORTVILANDE: Anne Lise Gilleshammer tykkjer det er stor mangel på butikkar i bygda.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Då eg kom til Svelgen på byrjinga av 60-talet var det mange butikkar her. Dei har alle forsvunne litt etter litt.

Som leiar i pensjonistlaget i Svelgen fortel ho om utfordringane andre pensjonistar som ikkje køyrer bil møter på, og at dei blir hardt råka av mangelen på butikkar i bygda.

– Eg tykkjer det er veldig synd. Snart er det berre matvarebutikken igjen her.

Malia Svelgen og butikkeigar Sverre Magne Dyrstad

FASTE KUNDAR: – Det er ein butikk som er veldig god å ha, seier Oddmund Leirvik (t.h.). Han likar ikkje at butikken skal leggje ned.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Butikkeigarar må ta ansvar

Harald Andersen, direktør for Handel i Virke, fortel til NRK at det har blitt langt mindre fysiske butikkar dei siste åra i Norge.

– Utfordringane er generelt at handel har gått frå å vere lokal næring, der konkurrentane er på andre sida av gata, til å bli ei global næring, der konkurrentane er på andre sida av kloden, berre eit tommelfingertrykk unna forbrukarane.

Dette seier han er på grunn av digitalisering og netthandel. Vidare presiserer Andersen at han ikkje trur butikkar vil kome til å forsvinne, men at butikkeigarar også har eit ansvar å tilpasse seg den nye utviklinga.

– Eg trur det er heilt naudsynt for kvar enkelt som skal drive butikk å vere tilgjengeleg for kundane sine. Både i den fysiske kanalen, men også i den digitale kanalen.

Vore gjevande å drive butikk

Butikken «Malia» vart flytta inn til sentrum då eit større lokale vart ledig i 2014. Då blei butikken bygd ut og fekk eit mykje større utval av varer. Sverre Magne fortel at både andre firma og privatpersonar er støtt innom og handlar.

– Det har vore veldig kjekt og gjevande å drive butikk i Svelgen. Men eg er 77 år gammal, så det er på tide å pensjonere seg, seier han med eit glimt i auge.

31. juli stengjer han butikken, etter å ha vore butikkeigar i 23 år.

Sverre Magne Dyrstad

GJEVANDE: Sverre Magne Dyrstad seier det har vore gjevande å drive butikk. No skal han leggje ned etter 23 år som butikkeigar.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK