NRK Meny
Normal

Varmen har tømt butikkane for vifter

Elektronikkbutikkar har stor etterspurnad etter vifter i sommarvarmen. Men dei fleste er heilt tomme, samstundes som ekstremvarmen held fram.

Varme og vifter

STOR ETTERSPURNAD: Fleire butikkar i landet er tomme for vifter, samstundes som vi er komen inn i nok ein periode med svært høge temperaturar.

Foto: Alf Ove Hansen/Morten W. Røkeberg / Scanpix/NRK

Vêrvarslinga melder om temperaturar på mellom 25 og 30 grader heilt fram til onsdag eller torsdag. Då er frustrasjonen stor for dei som vil ha tak i vifter. På fleire butikkar er nemleg alle viftene forsvunne.

Kundesenteret til Elkjøp fortel at det er tomt fleire andre stader i landet. Sommaren er naturleg nok høgsesong for vifter, men i ekstra stor grad med den varmen vi no har. Då NRK ringde hadde dei akkurat fått ein telefon frå ein kunde som lurte på om det var fleire vifter på butikken deira i Førde.

Får ikkje inn att i sommar

Steinar Aase

TOMME: Dagleg leiar Steinar Aase seier det er mange som kjem inn og spør etter vifter.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ein annan av butikkane som har måtte skuffe fleire kundar som vil kjøpe vifte, er Magne Aase AS (Euronics) i Førde.

– Vi gjekk tom for ei veke sidan. Det er jo eigentleg eit luksusproblem, men det er slik at leverandøren berre bestiller inn eit parti for sommaren, og det vert bestilt rundt april-mai. Difor er det slik at vi ikkje får inn igjen før om fleire månader, fortel dagleg leiar Steinar Aase.

Han fortel at dei har hatt mange kundar inne i butikken som spør etter vifter.

– Salet begynte jo tidleg, for det var jo ganske varmt allereie tidleg i mai, og så har det vore nokre flotte månader etter det, seier Aase.

Og det er svært vanskeleg for butikkane å vurdere kor mykje dei skal bestille av slike varer frå år til år.

– Vi må berre ta utgangspunkt i ein normal sommar. For bestiller vi ekstra mykje, risikerer vi å sitje igjen med alt på lager dersom vi får ein dårleg sommar.

Blir opp i mot 30 grader

Då er spørsmålet om det er ein god eller dårleg nyheit at det varme vêret mest truleg vil halde fram i lang tid framover.

Statsmeteorolog Karsten Eitrheim seier temperaturane frå laurdag vil liggje på mellom 25 og 30 grader over heile Vestlandet fram til onsdag eller torsdag.

– Det vil vere rolege vindhøve og ganske varmt med temperaturar mellom 25 og 30 grader over heile Vestlandet. Sannsynlegvis blir det heller ingen ettermiddagsbyer i denne perioden, i og med at høgtrykket blir liggande midt over Sør-Norge, seier Eitrheim.

Eit kjapt blikk på YR.no viser at det blir varmt og fint vêr også i resten av landet dei neste dagane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Plutselig sommer

SOL OG VARME: Ifølgje vêrvarslinga på Vestlandet må ein langt tilbake i tid for å finne så lange og samanhengande periodar med fint vêr og så høge temperaturar.

Foto: Alf Ove Hansen

Varmare enn på over 10 år

Frå torsdag av kan det derimot kome nokre ettermiddagsbyer, og eit lite fall i temperaturane. Men likevel vil dei ligge på mellom 20 og 25 grader, og sola vil ikkje forsvinne heilt.

– Det er vanskeleg å seie kor lenge det vil halde seg, men det ser ut til at høgtrykket forlèt Sør-Norge utan at vi får ein sørvestleg vindretning. Likevel kan det hende at det blir mange fine og lange periodar deretter også, slik det ser ut no, seier meteorologen.

Eitrheim seier ein må over ti år tilbake i tid for å finne ein like god vêrperiode som vi har hatt på Vestlandet i sommar.

– Vi er ikkje bortskjemde med det. Det kan vi trygt slå fast. Vi hadde jo nettopp ein slik godvêrsperiode med topptemperaturar på rundt 30 grader, og det er eigentleg den perioden vi får tilbake no. Men vi må kanskje heilt tilbake til 2003 for finne ein periode der vi hadde ein så lang, samanhengande periode med rundt 30 grader, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.