NRK Meny
Normal

Bustadprisar på nivå med Bergen

Det siste året har bustadprisane i delar av Sogn og Fjordane auka dobbelt så mykje som i Bergen. No er det lite skilnad på om du kjøper husvære i Førde eller Bergen.

Vieåsen og Viebøen i Førde

LIKE DYRT SOM I BERGEN: Å kjøpe seg husvære i Førde har blitt vesentleg dyrare siste året.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dagleg leiar Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane seier at denne trenden held fram.

– I april hadde vi her i Sogn og Fjordane ein liten prisvekst på 0,4 prosent, medan Bergen hadde nullvekst. Særleg siste året har det jamna seg mykje ut. Ser vi bort frå dei mest attraktive områda i Bergen, er prisnivået mykje det same i Bergen, Førde og Sogndal.

I fjor hadde bustadprisane i Førde veldig sterk vekst, 18 prosent.

– Med unnatak av Oslo og Akershus var det den største auken i landet.

Skjerma for oljenedgangen

Kårstad trur hovudgrunnen til at bustadprisane i Hordaland og Sogn og Fjordane no er komne på same nivået, er utviklinga i oljebransjen. Her har vi hatt stabil arbeidskraft og låg rente, samstundes som det har vore mangel på bustader, samanlikna med etterspurnaden.

– Hordaland har vore mykje meir utsett for nedgangstidene i oljesektoren. I Sogn og Fjordane har vi vore meir skjerma for det.

Pål Anders Kårstad

– MINDRE AUKE FRAMOVER: Dagleg leiar Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Påverkar også nabokommunar

I Sogn og Fjordane er det i hovudsak Førde og Sogndal som trekkjer opp snittet.

– Men vi ser at når presset er stort i dei to kommunane, så påverkar det og etterspurnaden etter eigedommar i nabokommunane. Også i Florø er det gode prisar, men der er det meir konjunkturavhengig, der går næringslivet litt meir opp og ned.

I Nordfjord er prisane lågare, men det å byggje nytt er like dyrt der som i Førde og Sogndal, om ein ser bort frå tomteprisane.

– Har roa seg

Pål Anders Kårstad trur det er litt tidleg å seie noko sikkert om utviklinga framover.

– Men eg håpar prisane ikkje stig like mykje som i fjor, og om vi ser på starten av 2017 kan det sjå ut som det har roa seg, og det er bra.

For dei høge bustadprisane er ikkje noko bra for dei som skal kjøpe sin første eigne bustad.

– Utfordringa i dag er at førstegongsetablerarar har krav om eigenkapital på minimum 15 prosent, og det er sett tak på kor stort lån ein kan ta opp i høve til inntekta. Difor er det blitt tøffare, og mange er avhengige av å få litt hjelp frå foreldra.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.