NRK Meny
Normal

Studie: Kvar du bur er viktig for kva spesialisthelsetenester du får

Ein ny studie tyder på at kvar du bur i Sogn og Fjordane speler ei rolle for kva hjelp du får frå spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern.

Hans Johan Breidablik

FORSKJELLAR: Lege og forskar Hans Johan Breidablik meiner bustadadresse speler ei rolle for kva tenester ein får i spesialisthelsetenesta. – Det er alvorleg i eit helsevesen der eitt av hovudformåla er at alle skal få lik tilgang til og lik helseteneste heilt uavhengig av kvar ein bur.

Hans Johan Breidablik og Eivind Meland har over ein fireårsperiode sett på pasientane i spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern i Sogn og Fjordane – og fann forskjellar mellom kommunane.

– Det er påfallande store variasjonar mellom kommunane når det gjeld omfanget av tilvising, det å setje diagnosen og kor mykje spesialisthelseteneste ein får, fortel Breidablik.

– Påfallande

Studien ser på store diagnosegrupper i psykiatrien blant barn, unge og vaksne. Breidablik seier det i små kommunar er få pasientar i kvar gruppe og difor tilfeldige variasjonar i statistikken, men at forskjellane i sum er påfallande. Breidablik ønskjer ikkje namngi kommunane.

– Det kan tenkast at i nokre kommunar tilviser ein og får diagnostisert altfor lett. I andre kommunar går kanskje pasientane til dels usett eller får eit meir avgrensa kommunalt tilbod.

Risikerer ein at folk med same liding som bur i ulike kommunar, får ulik hjelp?

– Det er det ser ut som, ja.

– Samansett

Breidablik trur årsakene til variasjonane er mange, men at ein del ligg i kommunane – blant fastlegane og i det totale hjelpeapparatet.

– I nokre tilfelle trur vi erfaringane med dei enkelte lidingane ikkje er så stor. Det du kjenner, vil du lett sjå etter. Det du ikkje kjenner eller har erfaring med, vil du kanskje tendere til å oversjå.

Ronny Cassells

MANGE ÅRSAKER: Ronny Cassells er leiar i Sogn og Fjordane legeforeining og lege i Flora kommune. Han trur årsakene til variasjonane er samansette.

Foto: Privat

Ronny Cassells er leiar i Sogn og Fjordane legeforeining og lege i Flora kommune.

– Grunnane til variasjon er nok mange, og kan finnast både blant fastlegane og i kommunane, men òg i spesialisthelsetenesta.

Cassells fortel at i Flora har talet tilvisingar variert frå eit år til eit anna. Kapasiteten og kvaliteten i spesialisthelsetenesta, kva kommunale tilbod som finst og om ein har røynde legar eller vikarlegar, er faktorar han meiner speler inn.

– Viss vi kan gi like gode hjelp i kommunen, tilviser vi ikkje.

Dialog

Toril Taklo, avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge,

SAMARBEID: Toril Taklo, avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde, seier dei har godt samarbeid med kommunane, men at det gjerne kan bli enda tettare dialog mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge, Toril Taklo, kan kjenne seg att i studien.

– Vi samarbeider godt med kommunane, og opplever nær dialog både om tilvising og oppfølging av pasientar. Så ser vi at nokre kommunar tilviser i svært liten grad, og nokre mykje, seier Taklo, som trur på enda tettare dialog mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Astrid Gytri i Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse seier dette gjeld sårbare grupper.

– Det som kjem fram er eigentleg ikkje overraskande ut frå tilbakemeldingane vi får. Det er ulik terskel for å bli tilvist og få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta.

– Først må ein slå fast om det er slik og kor mange det gjeld, så må kommunane og spesialisthelsetenesta sjå korleis det kan bli betre.