Hopp til innhold

Bustadhus blei slukt av flammane

Eit bustadhus er nedbrent på Solheim i Viksdalen i Gaular. Ingen personar var i huset då det tok til å brenne. No ønskjer politiet hjelp til etterforskinga.

Eit bustadhus er totalskadd etter brann på Solheim i Viksdalen.

TOTALSKADD: Huset på Solheim i Viksdalen er totalskadd etter brannen. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

SISTE: Politiet ønskjer å komme i kontakt med personar som har vore i nærleiken eller passert brannstaden søndag frå kring klokka 13.30 og utover ettermiddagen. Det er ikkje mistanke om at brannen er påsett, men politiet ønskjer tilbakemelding som kan hjelpe dei i etterforskinga.

Alle naudetatane rykka ut til staden. Brannvesenet rykka ut med eit mannskap på 14–15 personar.

Meldinga om brannen kom like før klokka halv tre. Då stod flammane ut av huset. Like over klokka 17 er brannen sløkt og brannvesenet driv med ettersløkking på staden. Huset er heilt nedbrent.

Huset var tomt

Eigaren av huset er varsla om brannen. Kvinna, som bur åleine i huset, var ikkje til stades då det tok til å brenne. Det skal, ifølgje politiet, ikkje vere fleire bustadhus på eigedomen.

Eit bustadhus står i full brann på Solheim på Viksdalen i Gaular.

OVERTENT: Huset er overtent syner videoen. Foto: Alf Vidar Snæland. Video: NRK-tipsar.

Ifølgje Alarmsentralen var huset framleis overtent like før klokka 16.00.

– Det er eit tømra hus dette, så det tek litt tid før det er brent til grunnen. No jobbar med vi med å sikre fjøsen og ein annan bygning på eigedomen, samt vegetasjonen rundt. Det er ein del gras og lyng rundt her, og det er tørt nok til at det kan ta fyr. Vi brukar såkalla vassvegger for å hindre brannen i å spreie seg til dei andre bygningane, fortel vaktkommandør Frode Korneliussen.

Fekk hjelp av bønder med gyllevogner

Klokka 17.20 driv brannvesenet med ettersløkking på staden. Truleg vil dei halde på med dette utover kvelden. Dei andre bygningane på eigedomen er sikra.

Tre bilar frå brannvesenet vart kalla ut, med eit mannskap på mellom 14 og 15 mann. I tillegg fekk dei god hjelp av fire-fem gyllevogner som henta vatn for dei.

– Vi hadde 20.000 liter vatn fordelt på tre bilar, men det går fort på ein slik brann som dette. Det er ein kjemperessurs at bøndene hjelper oss med å hente meir vatn, seier Korneliussen.

Viksdalen