Hopp til innhold

Dei skal sikre at bustadfelt blir sjølvforsynt med rein energi

Eit moderne bustadfelt som er fullstendig sjølvforsynt med fornybar energi kan bli ein realitet på Nordfjordeid.

Bustadfelt på Eid kan bli sjølvforsynt med fornybar energi

INNOVASJON: Selskapet ReNorway står bak prosjektet til Eid kommune, som skal forsyne eit heilt bustadfelt i kommunen med fornybar energi.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Selskapet ReNorway har fått i oppdrag frå Eid kommune å undersøke korleis jordvarme, gjerne i kombinasjon med solenergi, kan gjere at eit vanleg bustadfelt blir sjølvforsynt med straum, og jamvel kan levere kraft til andre.

– Og som samtidig helst vil koste mindre enn dagens oppvarming, seier ingeniør Hans Thomas Solheim.

Kan bli ein miljørevolusjon

Saman med dagleg leiar Stephan ter Stege ser han ivrig på skissa av det nye bustadfeltet på Nordfjordeid.

I Hogaåsen ovanfor sentrum skal det kome fleire titals nye einebustadar, og byggefeltet kan bli ein miljørevolusjon i seg sjølv. Husa kan i praksis vere sjølvforsynte med fornybar energi.

Tanken er eit felles jordvarmeanlegg for heile bustadfeltet. Samstundes kan husa til dømes få solcelletak som gjer at ein endå til kan levere straum til kraftselskapa.

– Vi kan levere ei hundre prosent fornybar løysing, i staden for å vere avhengig av ein vanleg straumleverandør, seier Stephan ter Stege.

I framtida er det venta endå strengare krav til kor mykje energi ein bustad kan bruke. Men dyre energisparingsløysingar er krevjande å investere i for familiar som skal bygge dyre hus, men ting kan verte billegare om ein satsar heilskapleg for alle husa i eit bustadfelt.

– Må gjere det enkelt og billig

– Det er interessant at vi tek eit heilt bustadfelt på ein gong, og ser på utfordringa med å gjere heile bustadfeltet til eit plussbustadfelt, der alle har moglegheita til å produsere eigen straum ved hjelp av sol og samstundes ha fornybar oppvarming av bustaden, seier Solheim.

Det er Eid kommune som har bestilt forstudiet i samband med det nye bustadfeltet.

Alfred Bjørlo

UTFORDRAR STATEN: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner staten både må stille krav og leggje til rette for at kommunane kan satse fornybart.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Med strengare klimakrav til familiar som skal bygge nye hus meiner Venstreordførar Alfred Bjørlo at kommunane alt i planlegging av bustadfelt kan bidra til løysingar som sikrar økonomien.

– Poenget må vere at ein ikkje er avhengig av å finne opp krutet på nytt og på nytt, at ikkje kvar huseigar må finne fram i tilskots og systemjungelen, for å finne dei beste løysingane for sitt hus. Vi må gjere det enkelt og billig, og vi må sette dette i system, seier han.

Vil at staten stiller krav

Bjørlo meiner norske kommunar har ei viktig rolle å spele når det gjeld å få ned dei nasjonale utsleppa av klimagassar, men etterlyser at staten har ein politikk som tek kommunane si oppgåve på alvor.

– Berekningar syner at opp ein femtedel av dei samla klimagassutsleppa i Norge er utslepp som kommunane kan gjere noko med. Eg skulle ønskje at staten var tydelegare både på å stille krav om dette til kommunane og å gje økonomiske verkemiddel som legg til rette for at det er lett for kommunane å gjere denne jobben, seier han.

Vil lette investeringane

Store investeringar i energisparing kan vere vanskeleg for familiar som skal bygge seg nytt hus, sjølv om det skulle løne seg på sikt.

Ofte gjer bankane sine eigenkapitalkrav at det er naudsynt å halde investeringane nede.

ReNorway skal no finne ut kva dei ulike løysingane i bustadfeltet kan koste, eit alternativ er at husbyggarar leiger anlegg framfor å kjøpe.

– Vi kan lage eit forslag som betyr at dei betalar tusen eller femten hundre kroner per månad, utan å investere, fordi vi veit at vi må vere lågare i kostnadene enn vanleg, seier Stephan ter Stege.