Hopp til innhold

Bustadhus står i full brann

Eit hus i Flekke stod ikkje til å berge då det byrja å brenne i eit bustadhus i dag.

Brann i Flekke

FULL FYR: Huset i Flekke er fullstendig overtent, melder politiet.

Foto: NRK-tipsar

  • Saka vert oppdatert

– Vi klarer ikkje å redde huset. Vi var litt redde for spreiing ei stund, men no er brannen under kontroll og det er ingen fare for spreiing, sa vaktleiar på Alarmsentralen, Terje Birkeland.

Alle naudetatar og huseigar er på staden og alle som bur i huset skal vere gjort greie for.

– Det ser ut til at brannen kan ha starta inne i ein garasje og så spreidd seg til huset. Det er store skadar på huset, seier Magne Faleide i politiet.

Laster Twitter-innhold

Huset ligg i eit byggefelt mellom Hauglandssenteret og butikken i Flekke. Huset stod alt i full fyr då Alarmsentralen vart varsla.

– Då vi fekk melding om brannen var huset alt overtent, seier Terje Birkeland i Alarmsentralen.

Brann i bustadhus i Flekke i Fjaler