Hopp til innhold

Bustaden er totalskadd etter brannen

Bebuaren kom seg uskadd ut, men einebustaden er totalskadd etter brannen på Hermansverk på Leikanger.

Brann, Leikanger

I FULL FYR: Ein einebustad tok fyr på Hermansverk.

Foto: NRK-TIPSAR

Ingen personar var inne i huset då det brann, men kvinna i 70-åra som budde der var likevel prega av hendinga.

– Ho vart teken hand om av helsepersonell, men skal ikkje vere skadd, seier Frode Kolltveit, ved politiet sin operasjonssentral.

Totalskadd

Huset er totalskadd i brannen, og delar av taket raste saman. Brannvesenet fekk sløkt flammane like over klokka 18, men det blussa som smått opp igjen etterpå.

– Vi driv difor ettersløkking, og vil halde på utover kvelden, seier Frode Eide, ved Alarmsentralen i Florø.

Tre brannbilar

Det var stor røykutvikling då naudetatane rykka ut til brannen. Tre brannbilar med brannmannskap frå både Leikanger og Sogndal bidrog i sløkkingsarbeidet.

Alarmsentralen opplyste tidleg at brannen var kraftig, og røykdykkarar gjekk også inn i huset. Det var ikkje eksplosjonsfare, og brannen spreidde seg ikkje til hus i nærleiken.

Politiet veit førebels ikkje årsaka til brannen.

Brann i Leikanger

STORE STYRKAR: Brannmannskap frå Sogndal og Leikanger deltar i sløkkingsarbeidet.

Foto: NRK-TIPSAR