Hopp til innhold

Eit busslass med klimaflyktningar frå Trøndelag kjem til Fjellsportfestivalen

Eit busslass med snøsvoltne trønderar kjem til årets Fjellsportfestivalen. Dei er såkalla klimaflyktningar.

Fantastiske forhold lokkar snøsvoltne klimaflyktningar frå Trondheim til Fjellsportfestivalen.

SJÅ VIDEO: Her er det gode forhold. Speedridaren Roger Atle Kårstad har sett saman denne filmen. Her er glimt både frå festivalen i fjor, men og nokre bilete frå førre helg. Og ein kan ikkje sjå skilnad, noko som betyr gode forhold også i år.

Ein tørr og snølaus vinter gjer no til at det kriblar ekstra i skikroppane rundt om på Vestlandet og nordover til Trøndelag. Snødekt landskap og pudderalarm må dei fleste reise langt for å finne i år.

Men det er ein stad som likevel badar i kvitt. Torsdag brakar det laus for ein ny runde med Fjellsportfestivalen i Sogndal, og heile Indre Sogn har vore heldige med vintervêret. Men det har dei ikkje i Trondheim. Difor vert det no sett opp buss som skal frakte dei snøsvoltne trønderane til Sogn neste helg.

Lengtar etter snø

– Det skal ingenting til for å slå forholda her. Det finst ikkje snø, det er grønt gras i hagen. Marka rundt i Trondheim vart avlyst, og det er første gong sidan 1971 at dei ikkje klarar å halde det rennet på grunn av snømangel. Det er rett og slett skralt her, seier toppturentusiast Ørjan Kongsvik Aall.

Ørjan Kongsvik All

TITTEI: Øyvind Kongsvik Aall er initiativtakaren til bussen med klimaflyktningar.

Foto: privat

Han er ein av dei som lengtar etter snø. Aall er student i Trondheim, opphavleg frå Leikanger i Sogn og leiar for miljøorganisasjonen Protect Our Winters (POW) i Norge. Dette er ein internasjonal organisasjon for, av og med ski- og snøbrettkøyrarar.

– For vår del er det krise at det ikkje er snø her oppe. Den einaste måten eg har sjansen til å stå på ski er å reise til Vassfjellet i anlegget der. Dei har ein bakke som er fylt med kunstsnø, seier han. Han har sjølv sett studentar spenne på seg feller som har trakka i anlegget for å få litt toppturkjensle.

42 på tur

– I ein eksamensperiode i juli fant eg ut at eg måtte gjere noko med engasjementet mitt, så då kontakta eg Protect Our Winters (POW) i USA og spurte om dei var interesserte i å etablere seg i Norge.

No er det 42 påmelde til tur-retur Trondheim-Sogndal. Gjennom organisasjonen POW og fylkeskommunen som takka ja til å donere 20.000 vert det arrangert busstur for dei som vil ta turen til Sogndal denne helga. Dette er som ein del av fylkeskommunen sitt klimatiltak.

– Vi gir folk eit tilbod i staden for å fly eller køyre privatbil. Så dette vert eit godt kollektivtilbod knytt til festivalen, fortel Kongsvik Aall.

Han fortel at det ikkje berre er trønderar som er klimaflyktningar denne helga.

– Her er det studentar frå heile landet som bur. Det er både Oslo-folk, sunnmøringar, trønderar, nordlendingar og ein god del sogningar. Stort sett frå heile landet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pudder, Fjellsportfestivalen
Foto: privat

Klima i fokus

– Planen er at dei skal kunne stå så mykje på ski som muleg ned gjennom fjellsidene. Og så vert det litt informasjon frå vår side på kveldstid om korleis folk kan ta vare på den snøen som finst.

Dei har også fått eit samarbeid med Tormod Granheim. Han er kjent som førstemann som har køyrt ned verdas høgste fjell, Mount Everest på ski. Han skal halde føredrag under festivalen og forklare problematikken rundt klima saman med Halvor Dannevig frå Vestlandsforsking.

– Målet med prosjektet er å skape litt meir medvit rundt klima. Det er altfor mange som ikkje er klar over problemstillinga. Vi vil få folk til å sjå konsekvensane. Når dei då gjer det, må vi gje dei eit tilbod der dei kan vere med på å påverke samfunnet, seier Kongsvik Aall. Bussturen frå Trondheim er eit slikt tilbod.

SLIK BLI VÊRET DEI KOMMANDE DAGANE

Kvitt under føtene

– Det nærmar seg absolutt og det ser veldig lovande ut. Det kom masse snø i natt som eg fekk testa i dag, så eg kan love gode forhold til bussen med klimaflyktningar frå Trondheim, seier festivalsjef Magnus Aasheim.

Aasheim seier dei ligg godt an og er i rute og fortel dei har stor pågang til kurs dette året. I tillegg har dei allereie fått selt godt med festivalpass.

Aasheim fortel om vêrmeldingar som inneheld snøfall i dagane som kjem også, så sjølv om Vestlandet har vore fattig på snø, kan i alle fall festivalen servere pudder til skientusiastane som kjem til etterlengta snøkledde fjellsider.

– Det blir herleg å få kvitt under føtene att, seier Kongsvik Aall.