NRK Meny
Normal

Den svenske bussjåføren ankar Fardal-dommen

Den svenske bussjåføren (56) som i mai vart dømd til fem månadar i fengsel etter bussulukka ved Fardal i Sogndal i fjor sumar, ankar no dommen.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

STORE ØYDELEGGINGAR: Ulykka der ein svensk og ein norsk buss støytte saman skjedde 12. august 2013.

Foto: Christian Blom / NRK

– Eg kan stadfeste at saka er anka, seier mannen sin advokat, Geir J. Kruge.

Ankar alle sider ved saka

Ei kvinne frå Ålesund og ei taiwansk kvinne omkom i ulukka. Dei to sat i kvar sin buss.

Ulukka skjedde då ein svensk og ein norsk buss møttest. Den svenske bussen var på veg vestover på fylkesveg 55, medan den norske bussen var på veg frå Leikanger til Sogndal. Begge førarane vart sikta etter ulukka 12. august i fjor, men berre den svenske føraren vart tiltalt og måtte svare for aktlaust bildrap i Sogn tingrett.

Forsvarar Geir Kruge

ANKAR: Advokat Geir J. Kruge stadfestar at den tiltalte bussjåføren ankar dommen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rekonstruksjonar som vart lagt fram i retten viste at det er passering på staden der ulukka skjedde. For retten vart det sentrale spørsmålet å ta stilling til kvar dei to bussane var i vegbana då dei støytte saman.

Retten kom til at den svenske bussen låg for langt mot midten, og at det var årsaka til ulukka. Han vart dømd til fem månadar fengsel.

No ankar altså den svenske bussjåføren dommen, men advokat Kruge vil ikkje fortelje kvifor han ankar.

– Det er inne ei anke over alle sider ved saka frå tiltalte si side, det er alt eg kan seie no, fortel han.

Tar anken til etterretning

Anette Stegegjerdet Norberg

VENTAR: Anette Stegegjerdet Norberg vil ikkje uttale seg om den vidare gongen i saka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Aktor i saka mot den svenske bussjåføren, Anette Stegegjerdet Norberg, tar anken til etterretning, men vil ikkje uttale seg om den vidare gangen i saka.

– Vi må vente på å sjå kva statsadvokaten vel å gjere med saka vidare, seier Nordberg.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.