Hopp til innhold

Bussjåførar stikk av frå kontroll

Vegvesenet opplever kvar sommar ein auke i talet turistbussar som stikk av frå kontroll ved Håbakken på E16 i Lærdal, det fortel kontrollør Frode Hålien til nettavisa Porten. Hålien seier dei seinast i går hadde minst to bussar som køyrde forbi skilta kontroll, og at det er vanskeleg å hente dei inn att. Ifølgje avisa avdekker Vegvesenet ofte at bussjåførane har brote reglane for køyre- og kviletid.

Kontroll på Håbakken
Foto: Sondre Dalaker / NRK