Hopp til innhold

Bussjåførane må trø til i Bulandet

Når Bulandet manglar bussjåførar er ikkje Bjarne frå Dale vond å be. I ei veke hospiterer han i idylliske omgivnadar.

Bulandet

TIL FERJA: Om morgonen tek fleire i Bulandet bussen til ferja, som tek dei vidare til Askvoll.

Foto: Bjarne Myklebust

Det er nesten så Bjarne Myklebust ikkje vil reise heim att til Dale, etter ei arbeidsveke utanom det vanlege heilt vest i landet.

Bjarne Myklebust

KØYRER BUSS: Bjarne Myklebust er bussjåfør i Førde.

Foto: NRK

– Eg er ein av dei heldige som får ta turen ut hit og køyre buss. Her er det så idyllisk, Bulandet må vere ein av dei beste plassane på jord, seier han.

Manglar sjåførar

Sidan Bulandet sin førre bussjåfør slutta har ikkje Firda Billag klart å skaffe ein ny.

– Så lenge vi ikkje har lukkast i å finne ein ny sjåfør går det på omgang. Då kjem bussjåførar frå andre plassar til Bulandet ei veke om gongen. Det er slik det fungerar no, fortel Peter Midthun i Firda Billag.

Bulandet

FINE DAGAR: Bjarne Myklebust melder om flotte soldagar i Bulandet.

Foto: Bjarne Myklebust

Fine soldagar

Bjarne Myklebust sa med glede ja til å hospitere. Han er tidlegare lastebilsjåfør, og køyrer til dagleg lokal- og ekspressbuss i Førde.

– Eg har alltid likt å kome meg til utkantane. Her er veldig trivelege folk. Det er ein heilt annan type, dei tek imot folk på ein annan måte. Alle er på hels med kvarandre og det er lett å bli inkludert, fortel han.

I Bulandet køyrer han skulebuss og lokalrute i ei veke før han drar heim att til Dale. Den siste veka har det vore ekstra fint å køyre rundt.

– Det er fint å vere bussjåfør på slike dagar vi har hatt no, med nesten fjorten soltimar om dagen. Også den solnedgangen då, eg er kanonheldig, seier Bjarte.

Bulandet

TIL FERJA: Bussjåføren fraktar folk til og frå ferja i Bulandet.

Foto: Bjarne Myklebust