Hopp til innhold

To personar omkom i kraftig kollisjon - svensk bussjåfør tiltalt for aktlaust drap

Den 56 år gamle svenske bussjåføren som var involvert i dødsulukka i Fardal i Sogn i sommar er tiltalt for aktlaust drap.

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

TILTALT: Føraren av denne svenske turistbussen er no tiltalt for aktlaust drap etter busskollisjonen i august.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Ifølgje Sogn Avis har statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane teke ut tiltale mot sjåføren, etter at to kvinner omkom i frontkollisjonen mellom to bussar på riksveg 55 i Fardal i Sogn.

56-åringen er tiltalt for å køyrt på ein slik måte at det førte til ei alvorleg ulukke, der to personar miste livet og to vart alvorleg skadde, skriv Sogn Avis. Han er i tillegg tiltalt for brot på vegtrafikklova.

Politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg seier til NRK.no at påtalemakta ikkje fann det tilstrekkeleg å tiltale mannen berre etter vegtrafikklova sin paragraf 3.

– Vi har funne grunn til å gjere dette fordi vi meiner det som har skjedd strekkjer seg utover paragraf tre i vegtrafikklova, som seier at alle skal ferdast omsynsfullt og vere aktsam i trafikken.

– Vi meiner vi kan bevise at sjåføren ved aktløyse har valda nokon andre sin død, seier Stegegjerdet Norberg til NRK.

Sikta allereie dagen etter ulukka

Det var om ettermiddagen den 12. august i fjor sommar at alarmen gjekk. To bussar hadde kollidert front mot front på riksveg 55 i Fardal, nokre kilometer vest for Sogndal. Den eine bussen var ein svensk turistbuss, og den andre ein rutebuss frå Nettbuss på veg mot Sogndal.

Ein time etter ulukka stadfesta politiet at personar var omkomne. Ei 24 år gamal kvinne frå Ålesund som sat i lokalbussen, og ei taiwansk kvinne som sat i turistbussen. I tillegg vart to andre passasjerar alvorleg skadde.

Den svenske sjåføren av turistbussen frå Bergkvarabuss vart allereie dagen etter ulykka sikta for aktlaus køyring. Politiet sin rekonstruksjon av ulukka viste at den svenske bussen var for nær midten av vegen.

Bussjåføren miste i 2011 sertifikatet i seks månader for aktlaus forbikøyring med buss, dette skjedde etter ei forbikøyring av eit tyngre køyretøy på Grotli i Sjåk kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

OMKOM: To kvinner, ei norsk og ei taiwansk, miste livet i den kraftige frontkollisjonen.

Foto: Christian Blom / NRK

Meiner sjåføren var skuld i ulukka

Politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg seier til NRK.no at politiet gjorde eit svært viktig arbeid i dei første dagane etter ulukka. Politiet i Sogn gjorde ei rekkje vitneavhøyr, og meinte ut frå dette, samt undersøkingar på staden, at føraren hadde handla aktlaust.

– Dei første dagane etter ulukka brukte politiet mykje tid på å skaffe seg eit bilete av kva som var bakgrunn for ulukka. Politiet meiner oppmålingane på staden, og dei vitneavhøyra som er gjort, viser at den eine bussen har lege for langt inn i vegen.

– Det var difor den trefte den andre bussen. Det var slik ulukka skjedde, noko som førte til at to personar miste livet og to andre vart alvorleg skadde, seier Stegegjerde Norberg til NRK.no.

– Hadde blikket vekke frå vegen

Politiadvokaten seier vidare at politiet meiner den svenske bussjåføren ikkje var merksam nok i tida like før kollisjonen.

– Politiet meiner han har hatt blikket lenge nok vekke frå vegen til at han har kome over i feil køyrebane.

– Vi kan ikkje seie noko om akkurat kva som er grunnen til det, men vi håpar straffesaka kan gje svar på det, seier Stegegjerde Norberg til NRK.no.

- Kan ikkje klandrast

Geir J. Kruge er forsvarar for den svenske sjåføren. Han seier til Sogn Avis at hans klient tek ulukka og det tragiske utfallet svært tungt.

Til avisa seier Kruge at klienten er gjort kjent med tiltalen, men at klienten meiner han ikkje kan klandrast for det som skjedde.