Hopp til innhold

Bussjåfør lei "einaugde bandittar"

Bussjåfør Are Håkon Aarset er lei av «einaugde bandittar» langs vegane. I jobben sin møter han dagleg bilar med berre eit lys, og fryktar det skal skje stygge trafikkulukker.

Bil med berre ei frontlykt som verkar og bussjåfør Are Håkon Aarset

BERRE EI FRONTLYKT: Desse bilane er ikkje gode å sjå i haustmørkret.

Foto: Montasje: Newswire/privat

Den erfarne bussjåføren frå Davik har i lengre tid irritert seg over bilistar som ikkje bryr seg om å ha lysa på bilen i orden. Han meiner dei er ekstra farlege på denne tid av året, med svart våt asfalt og regn i lufta.

Einaugde bandittar på vegane

– Eg køyrer bussrute i Bremanger, både til Davik, Svelgen, Sør-Gulen og Florø. Kvar morgon og ettermiddag møter eg bilistar med berre eit lys, og eg lurer ofte på om det er ein bil eller ein moped som kjem mot meg, fortel Aarseth.

Bil med kun en frontlykt som fungerer
Foto: Newswire

Han meiner det burde vere enkelt å finne ut om begge frontlyktene er i orden, i og med at mange bilar lyser mot ein eller annan vegg når dei blir starta opp heime på tunet. Og bussjåføren lurer på om folk er klar over kor farleg det er å køyre utan lys.

– For nokre veker sidan var eg ein tur til Førde, og før eg var komen heim til Davik hadde eg telt 20 bilar som ikkje hadde skikkeleg lys, fortel Firda Billag sjåføren. Desse "einaugde bandittane" er rett og slett livsfarlege.

Bussjåføren seier bilar utan lys er eit samtaleemne blant bussjåførane, og han meiner det bør fleire kontrollar til for at folk skal ta dette meir på alvor.

Bilistar har snudd lykta feil veg

Øyvind Dvergsdal

SKJEKK LYSA DINE: Senterleiar i NAF, Øyvind Dvergsdal ber bilistar sjekke at billysa er i orden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øyvind Dvergsdal, senterleiar ved NAF testsenter i Førde, har også erfart at ikkje alle bryr seg så mykje om det ikkje er lys på bilen. Kvar dag kjem det inn fleire køyretøy utan skikkeleg lys.

– Vi får ofte inn bilar der pærene ikkje lyser lengre eller at dei er snudde feil veg. det er nesten utruleg, men mange bilistar snur pæra 180 grader, og då blir lyset sjølvsagt veldig merkeleg.

Dvergsdal meiner folk tek litt for lett på dette med lys på bilen, og meiner alle burde ta ei runde rundt bilen før dei legg i veg. Han er klar over at det kan vere vanskeleg å skifte pære på enkelte bilar, men då må folk rett og slett oppsøkje ein verkstad.

– Dårleg lys og skitne lykter er ein fare i trafikken, og mange er forundra over at billysa er så dårlege. Då kan det rett og slett vere at litt såpe og vatn gjer jobben, seier Dvergsdal.

Å køyre utan skikkeleg lys på bilen er både trafikkfarleg og brot på vegtrafikklova.

– Folk må rett og slett skjerpe seg, avsluttar Øyvind Dvergsdal.