NRK Meny
Normal

Bussen hadde automatisk sløkkingssystem

Brannsløkkingssystemet i bussen vart utløyst då bussen tok til å brenne i Gudvangatunnelen.

Tunnelbrann Gudvangatunnelen

UTBRENT: Trass i at den svenske bussen hadde automatisk sløkkingssystem brann bussen heilt ut.

Foto: Voss brannvesen

Det seier administrerande direktør i busselskapet Ellös, Andreas Demerholtz, til NRK.

– Den har eit automatisk brannsløkkingssystem i motorrommet som har blitt løyst ut. Lampa som indikerer at brannsløkkingssystemet har blitt utløyst, blei tent, seier han.

Inga hjelp i sløkkingssystemet

Systemet har likevel ikkje fungert, men det er usikkert om det faktisk har slått ut som det skulle eller om det berre ikkje har vore nok til å sløkkje brannen.

– Det har i alle fall ikkje hjelpt fullt ut i og med at føraren måtte bruke to andre brannsløkkingsapparat for å forsøke å sløkkje brannen, seier Demerholtz.

Bussen og føraren var innleigd frå eit anna svensk busselskap. Føraren i 30-åra vart onsdag morgon skriven ut frå Voss sjukehus. Han er ein av dei som Helse Bergen i går skildra som alvorleg skadd.

– Han har det bra og er på veg heim no, seier Demerholtz i Ellös.

Gudvangatunnelen etter brann 1

STORE SKADAR: Også tunnelen har teke stor skade av brannen tysdag ettermiddag.

Foto: Aurland brannvern

– Traumatisk hending for føraren

Fleire passasjerar i bussen og andre vitne har fortalt om lukt og syn av røyk frå bussen ei stund før den køyrde inn i Gudvangatunnelen. Demerholtz har tysdag snakka med både føraren og reiseleiaren om dette.

– Dessverre har verken bussføraren eller reiseleiaren merka nokon ting før dei var inne i tunnelen, seier direktøren i busselskapet.

Demerholtz fortel om ein dramatisk situasjon inne i tunnelen for føraren av bussen.

– Han brukte brannsløkkingsapparatet på bussen då det automatiske systemet ikkje fungerte, og då fekk han sløkt det, men så tok det seg opp igjen. Då forsøkte han å bruke tunnelen sitt sløkkingsapparat. Det er klart at han har opplevd det som veldig traumatisk.

– Ikkje lett å sjå kva som skjer bak bussen

Føraren skal, ifølgje Demerholtz, ikkje ha nokon fysiske skader, men han veit ikkje korleis han har det psykisk.

– Vi skal prate meir med han når han kjem for å sjå om han er sjokkskadd, men fysisk har han det bra, seier han.

Ulf Hedlung svensk bussjåfør

VIL IKKJE SPEKULERE: Ulf Hedlund, svensk bussførar i Flåm, seier det er vanskeleg å vite kva som har skjedd med bussen som brann.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Det er ikkje lett å sjå kva som går føre seg bak bussen. Det seier Ulf Hedlund som er bussførar i Sundspärlans buss som køyrer for norske Miki. Han har også frakta turistar til Flåm.

– Om ein sit i ein buss og det skjer noko 11 meter bak deg inne i ein mørk tunnel er det ikkje så lett å sjå kva som skjer når du er konsentrert om kva som skjer framme. Ein veit heller ikkje om alle tryggleikssystem har fungert, seier han.

I tillegg fortel han at det ikkje er noko indikator framme i bussen dersom det skulle ta fyr eller bli varmt i oljerøyra under køyretøyet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.