Hopp til innhold

Busselskapa fjernar plassgarantien

Plassgarantien for folk som vil reise med ekspressbussar blir fjerna 1. september.
Heretter er det berre dei som har kjøpt billett på førehand som er sikra plass.

Buss

KAN BLI STOPPA: Dersom bussen er full er det ikkje lenger ein garanti at du kjem deg vidare på reisa.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Med den nye ordninga kan reisande bli nekta plass på slike bussar dersom dei skal ut av fylket.

– Eg kjenner til episodar der folk har blitt avvist, spesielt på nattbussen. Det er veldig viktig for dei som planlegg å kunne sette opp rett kapasitet, seier marknadssjef Svein Arne Vik i Nettbuss Ekspress.

– Ei ulempe for dei reisande

Per Omland

GOD ORDNING: Busspassasjer Per Omland meiner plassgarantien har vore ei god ordning, men forstår busselskapa som vil vite kor mange som skal reise med bussen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ekspressbusselskapa reklamerte lenge med plassgaranti for alle som vil reise med ekspressbuss i heile landet. Men tidvis har dette ført til trong for fleire bussar på kort varsel når det har kome til fleire passasjerar enn venta undervegs. Nettbuss fjernar difor plassgarantien.

Per Omland er passasjer på Nordfjord ekspressen på veg til Oslo. Han meiner at plassgarantien har vore ei god ordning.

– Det er klart at den er best for kunden. Då er det jo ein garanti og då er det opp til busselskapa og skaffe plass, seier han.

Korleis ser du på at dette blir borte?

– Det er klart at det er ein ulempe for dei reisande, men no kan ein jo kjøpe billett på internett, så ein går over til ei ny ordning. For busselskapa er det greitt å vite kor mange som kjem på bussen, men for kundane er det ikkje ein fordel, fortel Omland.

Kan bli avvist utanfor fylkesgrensa

Svein Arne Vik

KAN BLI AVVIST: Marknadssjef i Nettbuss Ekspress, Svein Arne Vik, fortel at ein kan bli avvist på bussar utanfor fylkesgrensene dersom bussen er full.

Foto: Ove Sveen / Fjordingen

– Det vi ønskjer å gjere no er at vi frå 1. september praktisera det vi har hatt som regel i over to år, seier Vik

Dette tyder at dersom du skal ut av fylket kan du bli avvist om bussen er full.

– Internt i Sogn og Fjordane vil dei ikkje bli det, då vil vi sette opp ekstratransport. Utanfor fylkesgrensene vil dei kunne bli avvist, fortel marknadssjefen i Nettbuss Ekspress.

Kva då med folk som ikkje har høve til å kjøpe billett på førehand på nett?

– Dei kan kjøpe via våre kundesenter, og vi jobbar med å skaffe oss plass der vi kan selje billettar. Det å køyre buss nummer to med få passasjerar eller ei drosje er veldig dyrt. Slik kan ikkje vi gjere det, det er ein kostnad vi ikkje kan ta, seier Vik

Økonomisk omsyn

Det er nettopp denne ekstrakostnaden som er delar av grunnen til at busselskapa no fjernar plassgarantien.

– Det er gjort av økonomiske omsyn fordi vi ikkje ønskjer ekstrakostnaden. Det er også gjort med omsyn til å få folk kan kjøpe i god tid på førehand.