Hopp til innhold

Bussane i Sogn og Fjordane får nye varselskilt

No får alle bussane i fylket nye varselskilt for å minne dei reisande om å vente med å krysse vegen til bussen har køyrt.

Fotomontasje, Øystein Hunvik

VIKTIG PÅMINNING: Uavhengig nestenulukka på Gol har Sogn og Fjordane fylkeskommune bestemt seg for å pusse støvet oppmodinga som tidlegare stod i alle bussar.

Foto: Marte Iren Trøen/Kringom / NRK

– Dette er noko vi har tenkt på ei stund og tinga nye klistremerke for ein månad sidan, seier Øystein Hunvik som er assisterande fylkesdirektør for samferdsle.

Laurdag kunne NRK fortelje om ei stygg nestenulukke på riksveg 7 ved Herad rett sør for Gol. Hendinga vart fanga opp av dashbordkameraet til ein av bilane frå Transferd AS, som var på veg austover frå Sogn og Fjordane.

– Det er skremmande å sjå kor lite som skal til. Eit lite sekund med tankeløyse og så er farepotensialet stort, seier Hundvik.

Her krysser han veien like foran lastebilen.

Mange liknande stopp

I videoen av nestenulukka frå Herad sør for Gol, går borna av på ein stad som ser ut til å vere utanfor dei vanlege busstoppa. Slike stopp er det mange av også ved skuleskyssen i Sogn og Fjordane.

– Vi har mange stogg i vårt fylke som ikkje er merka som busstopp. Det er tilsvarande stopp som vi ser i videoen, seier Hunvik.

Skulebussane stoggar i vegkanten eller ved ei oppkøyrsle og set av ungane.

– Då skal dei anten gå rett opp i oppkøyrsle, eller også i nokre tilfelle krysse vegen.

Fylkeskommunen prøver å finne dei mest trafikksikre løysingane, i nokre tilfelle betyr det at dei då må sette opp ekstra skyss for borna.

– Vi har til dømes hatt ei sak frå Egge i Gloppen der ungane måtte gå langs E39. Der måtte vi sette opp eigen bil slik at ungane slapp å gå langs E39 før dei skulle krysse vegen, seier Hunvik.

Trafikkopplæring

I Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane er fylkesleiar Audun Heggestad opptatt av at borna frå god nok trafikkopplæring.

Audun Heggestad

TRYGG I TRAFIKKEN: Audun Heggestad er fylkesleiar i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Eg må seie at eg sat med hjarte i halsen då eg såg videoen frå Gol, der barnet spring ut i vegen rett bak bussen, seier Heggestad.

Uavhengig av hendinga på Gol, hadde Sogn og Fjordane fylkeskommune bestemt seg for å sende ut nye varselskilt til alle bussane i fylket, for å minne dei reisande om å vente med å krysse vegen til bussen har køyrt. Før var denne typen skilt vanlege i alle bussar. Det er det ikkje lenger.

– Det er svært positivt at bussane får nye merke. Samstundes er det også viktig å minne ungane på at dei ikkje skal springe over vegen før bussane har køyrt, og det er noko som ein kanskje burde ta litt grundigare tak i, seier Heggestad.

– Kven er det som har ansvaret for å gi skuleborna skikkeleg trafikkopplæring?

– Det står klart i opplæringslova at det er eit ansvar som kommunane og skulane har. Dei skal sørge for at ungane får den opplæringa dei treng i forhold til kunnskapsløftet. Då skal dei blant anna kunne ferdast trygt i trafikken seier Heggestad.