Hopp til innhold

To personar kritisk skadde etter kollisjon i Frudalstunnelen i Sogndalsdalen

Ein buss har kollidert med to personbilar ved Frudalstunnelen i Sogndalsdalen, på riksveg 5 mellom Sogndal og Førde.

Ulukke ved Frudalstunnelen

SKADDE: Fire personar er skadde i trafikkulukka ved Frudalstunnelen.

Foto: NRK-tipsar

– Tre personar er henta ut av ambulanse, og blir sendt vidare til behandling på sjukehus. Det blir framleis jobba med å få ein person laus, sa Arve Samsonsen ved politiet sin operasjonssentral søndag føremiddag.

Klokka 15:30 Helse Førde melder at to kvinner fødde i 1961 og 1966 er kritisk skadde. Klokka 19.48 melder Helse Førde at dei to kvinnene er overførte til Haukeland Universitetssykehus med luftambulanse. To menn, som er fødde i 1959 og 1963, er alvorleg skadde.

Politiet seier at bussen har kollidert med to bilar, og at alle dei fire som er frakta til sjukehus sat i same bilen.

Klokka 11:37 prata NRK med ein av dei første som kom til ulukkesstaden.

– Eg var andre bil som kom til ulukka, seier bilisten som er på veg til Oslo.

Korleis ser det ut der?

– Det er i alle fall ein bil som er heilt smadra på sjåførsida. No driv brannvesenet og prøver å få ein person ut av bilen, det ser ut som personen må klippast ut.

Like etter klokka 13 var det bilberging på staden for å frakte vekk dei skadde bilane. Busspassasjerane i bussen som kolliderte har blitt frakta vekk i to nye bussar.

Bussar som fraktar busspassasjerar vekk

FRAKTAR BUSSPASSASJERAR VEKK: Desse bussane blir brukt til å frakte vekk dei som var ombord i bussen som kolliderte.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg såg ikkje vegen, heilt forferdeleg!

Bilisten seier at han også trur det er ein annan bil som kan ha vore i kontakt med bussen.

Han skildrar ver- og køyreforholda som heilt forferdelege.

– Eg såg ikkje vegen då eg kom køyrande, det er ikkje sikt her i det heile. Veldig vanskelege forhold.

Han fortel at det er to ambulansar, brannvesenet og politi på staden.

Politiet stadfestar at der veldig glatt på vegen.

– Ulukka har skjedd 150 meter mot Sogndal, på utsida av tunnelen. Vegen er heilt stengd, seier Samsonsen i politiet.

Også Bergstunnelen på riksveg 5 mot Førde er stengd grunna trafikkulukka.

Nettbuss sin buss frå Førde til Sogndal

Administrerande direktør i Nettbuss, Ole Engebret Haugen, seier at det er deira buss som har vore involvert. Det er tale om bussen som gjekk 0930 frå Førde mot Sogndal.

– Eg kan stadfeste at det er ein av våre bussar ja.