Hopp til innhold

Buss med 46 personar køyrde av vegen

Ein polsk turistbuss køyrde fredag ettermiddag utfor vegen på E39 på Egge i Byrkjelo. Ingen av dei koreanske passasjerane kom til skade i uhellet.

Bussulykke i Våtedalen

I GRØFTA: Ingen personar kom til skade då ein turistbuss med 46 passasjerar frå Korea køyrde av vegen i Byrkjelo tidlegare i dag.

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 16:43.

Ingen av passasjerane kom fysisk til skade i uhellet. Bussen kom utfor vegen i samband med ei forbikøyring, melder politiet. Førarkortet til den polske føraren er mellombels kverrsett. Passasjerane vart frakta vidare med ein annan buss frå same selskapet.

Ingen personskade

Buss av vegen ved egge i våtedalen

KRYSSA VEGEN: Bussen skal ha kryssa vegen og hamna utfor vegkanten og deretter følgd grøfta nokre meter før den stogga.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Bussen står i grøfta rett utanfor vegen, utan teikn til større skadar. Fire ambulansar, luftambulanse, brann og politi er alle på staden klokka 17:23. Fem ambulansebilar, ein kommunelege og ein luftambulanse vart sendt til staden av AMK.

Brannvesenet kom først til staden, og før dei andre naudetatane var der, kunne Espen Rysjedal ved Alarmsentralen fortelje at det ikkje var snakk om personskade.

– Turistane er vel heller i sjokk, seier han.

Knuste ruter

Ifølgje det Rysjedal er blitt fortalt frå ulukkesstaden har bussen kryssa vegen og hamna utfor ein skrent på rundt ein meter. Deretter har den følgd grøfta eit godt stykke.

– Det var ei kontrollert nedbremsing. Vi har kontrollert bussen og det er ingen lekkasje. Sideruta og frontruta er knust, seier han.

Det er førebels ukjent kva som er årsaka til uhellet.

Bussulukke på Byrkjelo