Hopp til innhold

Buss køyrte av vegen i Årdal

– Det vart meldt inn til oss ei stund etter det hadde skjedd. Ein buss hadde køyrt av vegen og låg på sida. Sjåfør og ein passasjer var i bussen, men det var ingen personskader, seier Trond Hatlenes frå Politiet sin operasjonssentral i Florø. Trafikkulukka skjedde 17.48 i ettermiddag. Politiet veit ikkje noko om årsaka til at bussen køyrde av vegen.