Hopp til innhold

Buss med 30 passasjarar køyrde inn i jordras i Oppstryn - er innesperra mellom to ras

Ein ekspressbuss med 30 personar ombord køyrde inn i eit ras på rikveg 15 ved Hjelle fredag kveld. Ingen vart skadde, men 19 av dei i alt 30 passasjerane sit framleis innesperra i eit bustadhus i området.

Bussen står innesperra blant stein og vatn.

MYKJE ARBEID: Det vil ta tid å få bussen vekk frå staden i Oppstryn der den køyrde i eit ras i går kveld.

Foto: Terje Gilleshammer

Politiet fekk melding om at bussen hadde køyrt inn i raset klokka 23.47 fredag kveld. Bussen tilhøyrer Nettbuss Møre og var på veg til frå Volda til Oslo, via Stryn. Ruta er og kjent under namnet Møreekspressen.

SISTE LAURDAG MORGON: 11 personar er henta ut med båt av Røde Kors. Dei 19 andre blir verande i huset inntil vidare.

Bremsa brått

Det var 30 passasjerar ombord i bussen fortel ein av passasjerane, Lars Inge Breivik.

– Dei fleste passasjerane sat og halvsov då bussen brått bråbremsa, og jord og skite vatn spruta over bussen og det knuste i småstein. Då køyrde vi inn i raset.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein ekspressbuss med 30 personar ombord køyrde inn i eit ras på rikveg 15 ved Hjelle fredag kveld. Ingen vart skadde, men 19 av dei i alt 30 passasjerane sit framleis innesperra i eit bustadhus i området. Foto: Roger Vik

SJÅ VIDEO: Det blir no rydda i området der bussen køyrde inn i raset. Foto: Roger Vik

I gjørme til livet

– Vi fekk ordre om å evakuere bussen umiddelbart for det buldra og bråka i fjellsida. Vi gjekk tilbake to-trehundre meter før det gjekk eit nytt stort ras rett framfor oss. Så no er vi sperra inne mellom to ras, og det er fem hundre meter mellom dei.

(Saka held fram under biletet)

Jordras i Oppstryn

INNESPERRA: Bussen står innesperra mellom to ras.

Foto: Roger Vik / NRK

Han fortel at det var tilløp til panikk då dei fekk beskjed om å komme seg ut av bussen raskast mogeleg.

– Det var ikkje mogeleg å få opp den fremste døra på bussen så bakdøra måtte opnast. Den første av dei som gjekk ut sakk langt ned i gjørme til beltet. Så då var det litt dramatisk, og det var mange som nekta å gå ut av bussen.

– Det var litt skummelt og ei trasig oppleving, seier Breivik.

Evakuerte til bustadhus

Raset skal vere jordras og vere omlag ein meter høgt. Det står bilar på begge sider av raset, men det er ikkje mogeleg å passere.

Han er no saman med dei andre passasjerane evakuerte til eit bustadhus.

– Det er to gode samaritanar som har opna huset sitt for tretti skitne og våte folk, seier Breivik.

Vegen er stengd på plassen og politiet opplyser at det har gått fleire ras i området fredag kveld. Passasjerane har fått beskjed om at vegen må ryddast før dei verken fram eller tilbake.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras Oppstryn

EVAKUERTE: Dei 30 passasjerane på Ekspressbussen står sperra inne mellom to ras i Oppstryn. Vegen er stengd i området.

Foto: Roger Vik / NRK

Tre bussar i følgje

Bussen som står innesperra var den første i eit følgje på tre bussar på veg til Oslo. Dei to andre bussane gjekk klar av rasa. Passasjerane i dei to siste bussane er no samla i eine bussen som står på Fosnes.

Den andre bussen er tom og står ved rasområdet der den avventar situasjonen. Så fort vegen vert opna og dei evakuerte passasjerane får forlate området vil denne bussen ta med seg passasjerane anten over Strynefjellet eller via Sogn.

Ras i Oppstryn

EKSPRESSBUSS: Det bussen frå Møreekspressen som står fast mellom to ras. Nordfjordekspressen som kom like bak var nær ved også å køyre inn i raset.

Foto: Roger Vik / NRK