Hopp til innhold

Buss i grøfta på fylkesveg 55

Vegtrafikksentralen melder at ein buss står i grøfta på fylkesveg 55 mellom Vadheim og Kyrkjebø i Høyanger kommune. Det skal vere passasje på staden, men folk må rekne med at dei kan bli hefta. Ifølgje Vegtrafikksentralen er det bilbergar på veg for å få fjerna bussen. Føraren var åleine i bussen då uhellet skjedde, han skal ikkje ha blitt skadd.