Hopp til innhold

61 år gamal mann omkom etter at buss køyrde i fjellveggen

Ein 61 år gamal frå Sogn omkom etter at bussen han køyrde hamna i fjellveggen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen på fylkesveg 53.

Buss i fjellvegg i Årdal. Sjåfør til sjukehus i luftambulanse,

I FJELLVEGGEN: Bussen køyrde i fjellveggen ved Rausnes mellom Naustbukttunnelen og Midnestunnelen på fylkesveg 53.

Foto: porten.no

I ein pressemelding skriv Vest politidistrikt at føraren vart erklært død på staden. Pårørande har blitt varsla. Tidlegare vart det meldt at sjåføren vart frakta til sjukehuset i luftambulanse, men etter at det vart utført livreddande førstehjelp på staden vart det klart at livet ikkje stod til å redde.

Ulukka skjedde mellom Naustbukttunnelen og Midnestunnelen på fylkesveg 53, om lag to kilometer frå Øvre Årdal.

Store materielle skadar

Det var ikkje andre passasjerar i bussen då ulukka skjedde og bussen fekk store materielle skadar.

– Det er ein del skade på bussen. Slik det ser ut har bussen skrapa langs fjellveggen før den stoppa. Brannvesenet måtte berga sjåføren ut gjennom vindauget, seier Lars Geitle, operasjonsleiar på operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Politiet etterforskar ulukka som ei trafikkulukke og Statens vegvesen si ulukkesgruppe skal etterforska ulukkesstaden. Bussen som køyrde i fjellveggen var Valdresekspressen som starta i Årdal.

Buss i fjellvegg