Sogn Billag-bussen som reiste frå Vik klokka 09.30 i dag tidleg køyrde berre eit knapt kvarter før bussen tok fyr, to kilometer frå Storehaugtunnelen på Vikafjellet.
Det var stygg røykutvikling når politiet kom på staden, men både sjåføren og passasjerane var reist vidare til Voss, med ein ny buss. Bussen var totalskadd, seier Vikøren.
Vegen måtte stengast ei stund, men er no open for fri ferdsel. Førebels kjenner ikkje politiet årsaka til uhellet.