Hopp til innhold

Buss hadde alvorlege bremsefeil

Ein turbuss på veg til Bergen, blei stogga og fekk bruksforbod på Håbakken i Lærdal laurdag. ABS-funksjonen på bussen virka ikkje, noko sjåføren visste om, opplyser Bjarte Frækaland i Statens vegvesen. Sjåføren var åleine i den utanlandske turbussen.