NRK Meny
Normal

Buss enda i grøfta

Ein buss med 35 personar om bord køyrde fredag kveld i grøfta på riksveg 15 ved Billingen mellom Sjåk og Stryn.

Buss i grøfta på Strynefjellet

UTFOR VEGEN: Bussen har køyrt av vegen i området ved Billingen. Det er passering på staden, då bussen ligg heilt ute av vegen.

Foto: Geir Elling Nyland

Atle B. von Opstfelder, operasjonsleiar i Gudbrandsdal politidistrikt, seier politiet fekk melding om hendinga klokka 21. Det er 35 asylsøkjarar om bord i bussen.

– Vi har snakka med sjåføren av bussen, og det er ikkje meldt om personskadar, seier von Opstfelder.

– Ei skremmande oppleving

Asylsøkjarane er på veg til Hareid i Møre og Romsdal.

Busselskapet er varsla, og bergingsbil er på veg.

– Korleis står det til med dei om bord?

– Vi har snakka med vitne og representant inni bussen, og dei seier det går greitt. Men det er sjølvsagt skremmande å sitje i ein buss som veltar, seier von Opstfelder.

– Glatt veg

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til hendinga, men dei som melde inn uhellet fortalde om glatt veg.

Operasjonsleiaren seier bussen ikkje har velta heilt over, men at den har lagt seg ut i terrenget etter at den køyrde ut. Ifølgje politiet hadde bussen låg fart då utforkøyringa skjedde.

Ein politipatrulje frå Ottadalen lensmannskontor vart send til staden.

Ny buss på veg

Klokka 22.30 seier von Opstfelder at ein ny buss er på veg, slik at dei 35 busspassasjerane kan få fortsetje turen mot Møre.

Vegen har vore skilta som stengd sidan uhellet, men noko trafikk har blitt dirigert forbi då bussen ligg utanfor vegbana. Klokka 22.30 blir vegen heilt stengd, dette fordi entreprenøren skal strø fram mot midnatt før vegen opnar att.

Ifølgje operasjonsleiaren kan vegen bli mellombels stengd i løpet av natta i samband med bilberging.

Statens vegvesen anbefaler omkøyring via E136. Følg trafikken på NRK.no/trafikk

Laster kart, vennligst vent...

AUSTSIDA: Uhellet har skjedd på austsida av fjellet i området ved Billingen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå