NRK Meny

Burde oppdaga avfallsproblem

Fylkesmannen burde ha oppdaga problema med avfallshaugen utanfor Sunnfjord Miljøverk tidlegare. Det vedgår fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal til avisa Firda. I går vart det kjent at 40.000 kubikkmeter med avfall, frå blant anna septiktankar og kloakkreinseanlegg, ligg ulovleg lagra utanfor miljøverket sitt anlegg i Hesjedalen i Førde. Avfallet skulle etter planen bli kompost, men prøver dei siste åra har vist at massane i haugen ikkje held den kvaliteten den skal. Yndesdal seier fylkesmannen burde ha kravd ytterlegare undersøkingar av avfallet, men nektar å ta på seg noko ansvar for problemet.