Hopp til innhold

Burde ha varsla betre om "Dagmar"

Både fylkesmannen og Vêrvarslinga for Vestlandet tek sjølvkritikk for manglande varsling i forkant av «Dagmar».

Heile taket er vekk

ENORME SKADAR: Eit hus i Lodalen fekk heile taket rive av, og personen som budde der kom seg med naud og neppe i tryggleik.

Foto: Hans Erik Myren / Privat

Kommunane innover Sognefjorden fekk aldri varsel om at ekstremvêret «Dagmar» var på veg, skriv bt.no.

– I ettertid skulle eg gjerne sett at vi hadde sendt varsel om ekstremvêr til alle kommunane i fylket, seier beredskapssjef Haavard Stendvand i Sogn og Fjordane til avisa.

Burde ha varsla fleire

Også Vêrvarslinga for Vestlandet har konkludert med at dei burde ha varsla eit større område om uvêret som var på veg.

– Varselet burde nok vore sendt for heile fylket, med ein kommentar om at det blei verst i Nordfjord, heiter det i eit brev som Vêrvarslinga har sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Skal hjelpe kommunane ved krise

Det er fylkesmennene som har ansvar for å samordne den sivile beredskapen, og innunder dette ligg hjelp til kommunane i krisesituasjonar.

Då stormvarselet kom frå Vêrvarslinga, valde fylkesmannen å varsle alle kystkommunane, Førde, Gaular og Naustdal i Sunnfjord, samt Eid kommuen I Nordfjord.

På første juledag alarmerte fylkesmannen ytterlegare fire kommunar, Hornindal, Gloppen og Stryn i Nordfjord, og Jølster i Sunnfjord.